Hopp til innhold

- Har utbetra alle avvik

- Wergeland Halsvik har utbetra alle avvik som Statens Forureiningstilsyn (SFT) har peika på.

Sløvåg
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Det seier administrerande direktør Lars Hellandsjø.

Verksemda handterer farleg avfall i Sløvåg i Gulen. Statens Forureiningstilsyn - SFT - har funne 35 avvik ved verksemda sidan 1994.

Lars Hellandsjø vedgår at sjølv om dei har utbetra avvika så kan dei framleis bli betre.

- Gjer så godt vi kan

Lars Hellandsjø
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

- Det er klart det er ynskjeleg å ha alt i orden, men ting endrar seg over tid, og avvik er eit forbetringspotensial. Det tek vi til etterretning og gjer så godt vi kan overfor alle styresmakene som er inne og har tilsynsfunksjon. Eg meiner og vi har ein tett og god dialog med styresmaktene om dette.

- Kor mykje av tida dykkar brukar de på vedlikehald, skikkeleg merking og det andre de har fått påpakning for?

- Viktig aktivitet

- Vi har stort fokus på å imøtekome krava frå styresmaktene og oljeindustrien og behov for mottak av avfall. Avfallshandtering er ein viktig aktivitet, og det er viktig å ta det på alvor.

- Nye reinseanlegg

- Vi har og investert fleire titals millionar kroner i nye reinseanlegg og behandlingsanlegg som SFT seier er veldig flott, og det er anlegg som fører til god betring av drifta og det ytre miljøet, seier administrerande direktør Lars Hellandsjø i Wergeland Halsvik.