Men denne saka tek ikkje opp drap, den handlar om vald og trugsmål.
- Arve hadde ingen anna utveg enn å stikke av den kvelden for å prøve å komme seg over elva. Han fall i elva og drukna, sa Hoel.
Vald mot Arve bevist
Fyrste statsadvokat Jan Hoel sa vidare at det var bevist i løpet av rettsaka at Arve Beheim Karlsen var utsett for vald frå ein av dei tiltalte. Det var også bevist gjennom vitnemålet til 8 personar at det er høyrt rasistiske utsagn om og mot Arve.