Hopp til innhold

- Glad for Vest Tank-tiltale

- Eg er glad for at tiltalen har kome i Vest Tank-saka. Vi er vi eit steg nærare svara vi har etterspurt, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik.

Vest Tank
Foto: Kåre Næss

Økokrim har reist tiltale mot tre personar i Vest Tank-saka . Tidlegare dagleg leiar Jostein Berland og tidlegare styreleiar er tiltalte for miljøkriminalitet, medan rådgjevar i kjemi Karl Jan Erstad er tiltalt for brot på forureiningslova.

- Er stort og alvorleg

Tiltalen mot dei tre vart lagt fram onsdag. Brosvik håpar rettssaka ikkje er langt unna.

- Tiltalen virkar stor og alvorleg. Dersom dei er skuldige, håpar eg dei tre får si straff, seier Brosvik.