Hopp til innhold

Tre på tiltalebenken

Det er teke ut tiltale etter Vest-Tank-eksplosjonen, og samstundes er det avdekt at det i januar 2007 var ein nesten-eksplosjon i Sløvåg.

Sløkkingsarbeid i Sløvåg
Foto: Svein Arild Vatsø

Økokrim har teke ut tiltale mot tidlegare styreformann Trond Emblem og tidlegare dagleg leiar Jostein Berland etter Vest Tank-ulukka. Også rådgjevar i kjemi, Karl Jan Erstad er tiltalt.

Emlem og Berland er tiltalte for miljøkriminalitet, Emblem er også tiltalt for økonomisk kriminalitet.

Det var i mai 2007 to tankar med oljeslam eksploderte på anlegget til Vest Tank i Sløvåg i Gulen, og det førde til at det vart helsefarlege utslepp.

Nesten-eksplosjon

Etterforskinga har og avdekt at det i januar 2007 var nær ved ein eksplosjon på anlegget. Emblem og Berland er og tiltalte for å ha brote forureiningslova ved at dei tok imot sluttbehandlingsavfall frå skipet MT "Probo Emu" utan å ha løyve frå Statens Forureiningstilsyn.

Styreleiaren og den daglege leiaren i Vest Tank er og tiltalte for fleire brot på arbeidsmiljøliova og brann- og eksplosjonsvernlova.

Forstår ikkje kvifor

Rådgjevaren til Vest Tank innan kjemi, agronomen Karl Jan Erstad, er tiltalt for å ha medverka til eksplosjonen ved anlegget i Gulen i Sløvåg.

Erstad forstår ikkje kvifor han er tiltalt.

– Det var overraskande at det vart teke ut tiltale mot meg.

– Så du meiner det er feil at du er tiltalt i denne saka?

– Mange feil i tiltalen

Tankeksplosjon i Gulen.
Foto: Steinar Lote / NRK

– Ja, det er feil fordi eg ikkje hadde beslutningsmynde i bedrifta. I tillegg vart risikoen i starten vurdert som liten, så inntrådde det omstende som ein ser i etteritid, men som verka trygge på førehand. Det er og mange feil i tiltalebeslutninga, feil som eg har peika på i avhøyr og som ikkje burde vere der. Dette svekkjer tiltalebeslutninga.

Alexela får bot

Selskapet Alexela Sløvåg AS som overtok Vest Tank er ilagt ei bot på to millionar kroner for brot på lova før eksplosjoen i mai 2007. Administrerande direktør i Alexela Sløvåg, Håkon Ivarson, seier bota er større enn dei hadde rekna med.

– Store utgifter til opprydding

Håkon Ivarson i Alexela.
Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi hadde rekna med at det vart teke meir omsyn til det ekstra arbeidet vi hadde med å rydde opp etter eksplosjonen. Det er lagt nesten eit hundretals millionar kroner i oppryddingsarbeidet. I utgangspunktet synest eg bota er høg, men vi har ikkje fått tid til å lese grunngjevinga enno, så vi vil vente med ytterlegare kommentarar til vi har fått gjort det.

– Men du hadde venta at de skulle få ei bot?

– Ikkje nødvendigvis, vi meiner at med dei store summane vi har brukt på opprydding så er det ei belastning på firmaet som er ganske formidabel.

Emblem tiltalt for utruskap

Tidlegare styreleiar Trond Emblem i Vest Tank er og tiltalt for utruskap. Han skal i 2007 ha kjøpt to lagertankar via eit anna selskap der han var eigar, og på den måten påført Vest Tank AS ein ekstrakostnad på 3,7 millionar kroner.

Vidare er Emblem tiltalt for forsikringsbedrageri på minst 3,7 millionar kroner i samband med kjøpet av dei to tankane etter eksplosjonen. Han skal då ha opplyst til forsikringsselskapet at tankane kosta 8,6 millionar kroner og såleis ha lete vere å opplyse at eit selskap der han var eigar like før hadde kjøpt tankane for 4,3 millionar kroner.