Fylkesmannen vil hemne seg fordi området der vegen skal byggast ikkje vart verna, slik dei gjekk inn for, hevdar Lindskov.
Nekta synfaring
To av fire grunneigarar i Moldreheim der skogsvegen skal byggast, nekta tidlegare i år Fylkesmannen sin representant Hans Lauvstad å føreta ei synfaring i området, fordi dei oppfatta han som ugild i saka. Fylkesmannen har no skrive eit brev der grunneigarane blir oppmoda om at ei synfaring vert gjennomført innan 16. juli. Men Lindskov, som representerer to av grunneigarane, meiner dette skjer for at Fylkesmannen skal kunne verne eit område som til no ikkje er verna.
Klaga på vedtak om veg
Naturvernforbundet har klaga på vedtaket om veg, men Miljøregisterring i skog (MIS) kom i 2002 fram til at det ikkje var spesielle miljøkvalitetar i området. Grunneigarane sin advokat har no skrive eit brev stila til fylkeslandbruksstyret der det vert kravd at dei handsamar saka utan vidare synfaring.