Det er noko av årsaka til at Helse Førde er dårlegast i forskingsklassen på Vestlandet, seier Bjarne Straume, fagdirektør i Helse Førde.
Mindre attraktivt
Frå basen i USA arbeider professor Roberto Bergamaschi framleis i ei bistilling for forskingsavdelinga til Helse Førde. Men sjølv om avdelinga i dag arbeider med 17 ulike prosjekt, er det medisinske forskingsmiljøet i ferd med å rakne etter at Bergamaschi reiste frå Førde for halvanna år sidan, seier fagdirektør Bjarne Straume. Tapet av professor Bergamaschi, som var sjølve motoren i det medisinske forskingsmiljøet i Sogn og Fjordane, har gjort det endå mindre attraktivt for forskarar å koma til fylket.
Får fire promille av pengane
Tidlegare i dag kom det fram at forskingmiljøet i Helse Førde er dårlegast i klassen på Vestlandet. Forskarane i Sogn og Fjordane får berre fire promille av forskingspengane for 2004 som Helse Vest no deler ut. Av totalt 55 millionar kroner går berre 200 000 kroner til helseføretaket i fylket vårt. Dersom Helse Førde ikkje får meir pengar til forsking, har ikkje fagdirektør Straume tru på betre forhold for dei medisinske forskarane i Sogn og Fjordane.