Trude Skarvatun, som er mor til to jenter i 5. og 6. klasse, meiner informasjonen er alt for vaksen. Det er heftet "Jente og gutt - nesten voksen", som i fleire år har vore spreidd til barn og unge med faktainformasjon om pubertet, kjønnsorgan, menstruasjon og hygiene.
- Kven har kvalitetssikra?
Illustrasjon frå heftet.
- Eg synest det er flott at det blir informert om korleis kroppen utviklar seg i puberteten, men eg meiner dei er for unge til å få så grundig innblikk i seksuallivet, seier
Skarvatun. Ho reagerer særleg på at helsesøster gjennom skulen også gir 10-11-åringar informasjon om analsex og oralsex. - Eg lurer på kven som har kvalitetssikra denne informasjonen, seier ho.
Ungane er nyfikne
Skarvatun har brukt mykje tid saman med dei to jentene sine på å diskutere heftet, men er ikkje sikker på at det skjer alle stader, og jentene er sjølvsagt nyfikne på informasjonen.
Burde vore diskutert
Informasjonsheftet har ikkje vore diskutert i formelle foreldreforum på skulen, men Trude Skarvatun meiner det burde vore gjort.
Illustrasjon frå heftet.
Vil undersøke nærare
Helsesøster Åshild Svendsøy i Førde seier ho tek innvendingar frå foreldre alvorleg, men ho vil undersøke materiellet nærare for ho uttalar seg.
Analsex fjerna
Libresse har fjerna opplysningane om blant anna analsex i i den nye utgåva av informasjonsheftet som vert delt ut til elevar i alderen 11-13 år. Gunn Alfheim, produktansvarleg for Libresse og OB, seier ho er samd i at det er for tidleg for 11-åringar å lære om analsex.