Tysdag kom regjeringa med ein ny handlingsplan for korleis ein skal få fleire turistar til Norge. Målet er altså å få ein million fleire besøkande hit innan 2010. Det skal dei bruke 21,6 millionar på. Riiber meiner dette er umogleg om ein ikkje satsar mykje meir.
Det meste av pengane skal gå til auka marknadsføring og satsing på nye område som Kina og Russland, sa nærings- og handelsminister Børge Brende tysdag.
Fleire individuelle turistar
Kari Kvikne, hotellsjef ved Kviknes hotell i Balestrand, mistenkjer politikarane for ikkje ha fått med seg dei nye reisetrendane. Ho meiner ein må satse meir på individuelle turistar og ikkje reiselag. Og då må ein satse på radio, TV, aviser og ikkje minst internett, seier ho. For fleire og fleire bestiller på eiga hand utan å gå via agentar. Og denne trenden er det viktig å følgje opp, meiner ho, og viser til mellom anna Danmark som har vore flink på dette. Kven huskar vel ikkje strofa "Det er deilig å være norsk i Danmark"?