I artikkel 3 i EMK, den europeiske menneskerettskonvensjonen, står det; alle har rett til fridom. I artikkel 5 står det at ; ingen må utsetjast for umenneskeleg eller nedverdigande handsaming.
Leonhardsen meiner finske styresmakter bryt begge artiklane.
Vil ikkje ete
På telefon har faren sagt at dei sit innelåste på to rom, og at han blir fulgt av vakter om han skal utandørs. Borna får lufte seg berre 20 minutt kvar dag. Tre år gamle, funksjonshemma Argjend skal ikkje ha ete på tre dagar, og Leonhardsen er særleg redd for korleis opphaldet i Finland skal påverke han.
Tilbake til Norge
No får familien Aliu bistand av advokat og tolk til å søkje om opphaldsløyve på nytt i Finland. Men samstundes skal Leonhardsen bruke argumenta om brot på både menneskerettane og barnekonvensjonen til å påverke utlendingsnemnda. I dag sender ho nemnda ein fax der ho ber dei få familien attende til Norge.