Advokat Elisabeth Leonhardsen er skuffa over avgjerda. – Det hadde vore lett for styresmaktene å ta ei anna avgjerd, for dei hadde gode argument for å gjera eit positivt vedtak, seier Leonhardsen.
Sterkt inntrykk
Historia om den tre år gamle autistiske guten Argjend gjorde inntrykk på eit heilt fylke tidlegare i sommar. Støttespelarane til den sjuke guten som hadde vist så stor framgang i behandlingsopplegget sitt, meinte det var uansvarleg å sende han og familien ut av landet.
Men protestane vart ikkje tatt til følge, og den kosovoalbanske familien vart tidlegare i sommar send ut av landet.
Ny behandling
Men protestane må ha gjort inntrykk, for utlendingsnemnda bestemte seg for kort tid sidan for å sjå på saka på nytt. Det har dei no gjort, men med uendra resultat. Familien får ikkje kome tilbake til Norge.
Om to veker skal asylsøknaden deira bli behandla av finske styresmakter. Mykje tyder på at det blir ein snarleg retur til Kosovo for Argjend og familien hans.