Den kosovo-albanske familien har hatt ei svært tøff tid etter at dei måtte reise frå Norge. Siv Førde har i lang tid arbeidd for at familien ikkje skulle bli send til Kosovo, og er glad for at familien no får hjelp.
Gjorde sterkt inntrykk
Historia om tre år gamle Argjend og den kosovo-albanske familien hans som budde i Florø gjorde sterkt inntrykk på mange nordmenn i fjor sommar. Familien hadde flykta frå heimlandet. Men i alle europeiske land vart familien avvist.
Fekk norsk hjelp
I Norge og Florø fekk dei endeleg hjelp, og autistiske Argjend gjorde store framsteg. Han lærte gradvis å kommunisere, og angsten forsvann.
I august vart Argjend sendt til Finland. (Foto: NRK)
Henta av politiet
Men 7. august var det slutt. Då kom politet på døra til familien. Dei hadde fått avslag på opphaldsløyve i Norge. Med fly bar det rett tilbake til Finland, som familen hadde flykta frå. Familien vart arrestert, og for Argjend vart dette eit dramatisk tilbakesteg.
Finland snudde
Men no har altså finske styresmakter snudd. I første omgang ville dei ikkje eingong vite av familien, og sa klart ifrå om at dei skulle sendast heim til Kosovo. Det var då familien flykta til Norge.