NRK Meny
Normal

Ventar ny flaumtopp ved midnatt

– Det er ingen grunn til å tru at Jølstra ikkje framleis vil bite frå seg. Ordførar i Førde, Olve Grotle, er svært uroa over at det herskar eit inntrykk av at flaumfaren er over.

Olve Grotle

FRAMLEIS FLAUMFARE: – Det er ingen grunn til å tru at flaumen ikkje vil auke att. Ordførar Olve Grotle er budd på at Jølstra vil stige i løpet av natta.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Ordføraren i Førde er svært uroa over at folk skal tenkje at flaumen har dabba av.

– Det kjem framleis meir nedbør enn Jølstra tar unna. Det er grunn til uro.

Ny flaumtopp

Ordføraren seier dei ventar ein ny nedbørstopp rundt midnatt der flaumen i Jølstra vil ta seg opp att.

– Det har vi venta, Jølstra kan framleis stige att og det kan vere ei ny flod på veg. Det må innbyggjarane i kommunen ta høgde for.

(Saka held fram under bilete)

Førdeflaum
Foto: Leon Gjerland

Førde kommune vil ha beredskap utover kvelden, opplyser ordføraren. Det vil vere mannskap tilgjengeleg dersom flaumen aukar. Sivilforsvaret vil ha mannskap ute til midnatt, og kommunen gjer ei ny vurdering då, på om også dei skal ha vakthald.

I NVE som sender ut flaumvarsel meiner dei at toppen er nådd etter at regner no har minka betydeleg.

Største flaumen på over 100 år

I løpet av kvelden vart det på det meste målt at 325 kubikk med vatn i sekundet rann gjennom Brulandsfossen.

– Det er det høgste sidan stasjonen kom i 1993, Dagens flaum var større enn ein 50-årsflaum, og den største i Jølstra sidan 1902, utanom eit tilfelle i 1917, fortel Grotle til NRK seint tysdag kveld.

Kommunen har førebels ikkje full oversikt over skadane etter vatnet sine herjingar. Til no har dei fått melding om at fem-seks hus har fått vatn inn i kjellarane sine, i tillegg til Førde Hotel.

– Ingen vart evakuerte, og det er heller ikkje snakk om nemneverdige skadar på infrastrukturen, seier Grotle.

Bygeaktivitet er bra

– Regnet har roa seg. På radaren no ser det ut til at nedbøren blir svakare utover, seier vakthavande hydrolog i NVE, Elin Langsholt.

Ho seier det vil slutte å regne og elvane vil trekke seg tilbake, men det vil ta tid før vasstanden i dei store vassdraga går tilbake.

– Så lenge regnet dabbar av vil flaumen dabbe av for dette er ikkje snakk om smeltevatn som kjem ned.

– Radaren til NVE viser at regnet har gått over til bygeaktivitet og det er eit godt teikn, det betyr at det kraftige regnet er på veg fordi.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.