Hopp til innhold

- Even Hovland gjer heilt rett

Fotballnestor i NRK, Arne Scheie, meiner Even Hovland gjer heilt rett i å reise på nytt treningsopphald med Manchester United.

Even Hovland

Even Hovland i trening vil dei neste dagane ha Owen Hargreaves, Rio Ferdinand, Wayne Rooney, Ryan Giggs og Paul Scholes som sine treningskameratar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Arne Scheie

Arne Scheie meiner Even Hovland gjer heilt rett i eit nytt treningsopphald med United.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

- Når ein er fotballinteressert, og vil prøve å gjere ei karriere, så er det heilt rett å prøve den sjansen hos Manchester United og alle dei mogelegheiter som ligg der, seier Scheie.

- Eventyrleg sjanse

I dag vart det kjent at Even Hovland er attende i Manchester for eit nytt treningsopphald med storklubben Manchester United. Slik han var også før jul . Scheie skildrar opphaldet som ein eventyrleg sjanse.

- Han kjem altså til verdas rikaste klubb. Gjer han det godt på trening og imponerer, så kan vegen etterkvart vere til ein plass på Manchester United sitt A-lag. Men i dette gamet må ein også rekne med skuffelsar og tilbakeslag, seier han.

- Blir lagt merke til

Manager Sir Alex Ferguson henta i 1996 Ole Gunnar Solskjær til Manchester United. Kristiansundaren var då 23 år gamal. I sommar kjøpte klubben sin andre spelar frå Molde då dei signerte avtale om å hente over 22-åringen Mame Biram Diouf. Då hadde dei allereie sikra seg 16-åringen Etzaz Hussain frå Langhus. Hovland er 20 år. Det er ikkje ofte at så unge fotballspelarar blir henta til store europeiske klubbar.

- Opp gjennom historia er det ikkje så mange, kanskje eit halvt dusin. Dette blir lagt merke til. Gjer han det godt, så kan det bli eit eventyr for han i Manchester United, seier Scheie og meiner at suksessen til Hovland er ei fjøyr i hatten for klubbane som har trena han opp.

- Viss interesse

Dagleg leiar Egil B. Mundal seier han ikkje kjenner til kvifor United igjen vil ha Hovland over på trening dei neste dagane.

- Men det takka vi sjølvsagt ja til. Det skulle berre mangle, seier han. Om det er tale om overgang, veit han fint lite om.

- Men eg reknar med at det er ei viss interesse, legg han til.

- Vil sjølvsagt koste

Etter planen kjem Hovland heim til Norge i slutten av veka. Dersom treningsopphaldet ikkje blir forlenga også denne gangen . Om det blir overgang, må ein klubb vente å måtte punge ut for å sikre seg tenestene til vaimingen.

- Ifølgje Solbakken er det ingen norske klubbar som har råd til han. Det får stå for hans rekning, men Even er ein veldig god fotballspelar med internasjonalt kapasitet. Han vil sjølvsagt koste pengar, seier Mundal.

- Ei kanonsak

- Først og fremst er dette ei kanonsak for Sogndal, for Even Hovland, og ikkje minst Høyang som har avla opp Even og gjort han til ein god spelar. For Sogndal sin del har spelarsal vore historisk sett ein av dei tinga vi har gjort god økonomi på. Det vil halde fram, seier han. Om millionane frå eit eventuelt sal legg han til:

- Det vil ikkje endevende måten vi tenkjer eller driv på. Vi vil bygge stein på stein, men eit godt spelarsal vil sjølvsagt hjelpe den totale situasjonen.