Hopp til innhold

Fleire vurderer å hente Hovland

Etter at Even Hovland var på prøvespel i Manchester United, har fleire toppklubbar fått auga opp for den lovande midtstopparen.

Even Hovland

ETTERTRAKTA: Fleire klubbar har fatta interesse for Even Hovland, etter at 20-åringen var på treningsopphald i Manchester United før jul.

Foto: Rune Fossum/NRK

- Slike opphald får alltid konsekvensar av denne typen. Fleire klubbar blir nysgjerrige, og vi har hatt førespurnader i ettertid, seier Trond Fylling.

Har visst om interessa

Even Hovland (20) var i desember på eit treningsopphald i Manchester United.

No har fleire klubbar frå Premier League meldt si interesse for Sogndal-spelaren.

- Dei lurer på situasjonen rundt Hovland. Det tyder på at det er interesse, og det har vi jo visst lenge, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

Klubbar på toppnivå

Førebels har ikkje Sogndal eller Even Hovland sjølv hatt meir kontakt med Manchester United. NRK har ikkje fått vite kven som no har meldt interesse for midtstopparen, utover at det er klubbar på øvste nivå i England - i tillegg til fleire norske toppklubbar.

Sjølv får Hovland ikkje vite noko før det eventuelt nærmar seg eit konkret tilbod på bordet i klubblokala på Fosshaugane Campus.

- Eg veit ingenting. Men skulle det skje noko, får eg sikkert vite det, seier 20-åringen.

Interesse rundt fleire

Måndag hadde Sogndal si første trening i oppkøyringa fram mot 2010-sesongen. Hovland er eit sentralt og viktig namn i stallen til Harald Aabrekk.

- Eg har fullt fokus på Sogndal, seier Hovland.

Sogndal opplever også interesse rundt Piotr Leciejewski og Lars Grorud.

- Dette er kvardagen for ein del av spelarane våre på denne tida, seier Trond Fylling.