Hopp til innhold

- Elendig SFO-tilbod

Fleire foreldre meiner skulefritidsordninga er altfor dårleg i feriane. Enkelte kommunar har ikkje SFO-tilbod i det heile, og i mange andre kommunar er berre ein skule open.

Ida Marie Strand (t.v.) og Sissel Øygard er skuffa over SFO-tilbodet på Jølster.
Foto: Kristine Askvik / NRK

Jølster er heilt utan tilbod i feriane, og det skapar problem for foreldra, seier Sissel Øygard.

- Det er jo mange i bygda her som er tilflyttarar, og ikkje har besteforeldre. Og for dei som kanskje har besteforeldre, så er dei også i full jobb. Då er det kjempevanskeleg. Mange ungar må vere mykje heime åleine i feriane. Eller så må foreldra dele sommarferien, og ikkje ha ferien i lag. Og det er uheldig, seier ho.

Sterkt redusert

Leiken i skulegarden igjen betyr også at veker med ein håplaus situasjon for mange foreldre er over. For ei ringjerunde NRK har gjort til fleire av kommunane i fylket, viser at SFO-tilbodet er svært redusert mange plassar i feriane. I enkelte kommunar er tilbodet faktisk heilt fråverande. Andre stader er det berre ein skule i heile kommunen som tilbyr skulefritidsordning.

Difor må mange eldre born passe på yngre søsken, medan foreldra er på jobb. I Jølster er Ida Marie Strand skuffa over kommunen.

- Det kan virke som dei i kommunen trur at dei fleste har slektningar i området her som kan ta seg av ungane. Men slik er det slettes ikkje for alle, seier ho.

Kan ikkje garantere betring

Foreldra krev at kommunen betrar tilbodet i feriane. Men ansvarleg for skulane i Jølster, Helge Ulvestad kan ikkje garantere dette. 

- Vi får kanskje undersøkje kor stort dette behovet er, og kor vidt det har sopass bredde at det er aktuelt å vurdere å utvide ordninga i ferietida. Det er eit økonomisk spørsmål ein må vurdere ut frå talet på brukarar, og kor store inntekter ein får gjennom det. Og kor store utgifter dette vil innebere for kommunen, seier han.