Hopp til innhold

- Eg blir nok i Sogndal ut sesongen

Alt tyder på at Even Hovland må smørje seg med tolmod: Om berre to veker stengjer overgangsvindauget.

Even Hovland

BLIR I KLUBBEN? Det er ikkje veldig lenge til overgangsvindauget stengjer, og alt tyder på at Even Hovland spelar sesongen ut i Sogndal.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Slik det ser ut no, blir eg nok i Sogndal ut sesongen, seier Even Hovland.

Det internasjonale overgangsvindauget som gjer at spelarar kan byte klubb opna 1. august og stenger 31. august.

Innstilt på å gjere jobben for klubben

Sogndal har allereie avvist to bod på den 22 år gamle midtstopparen. Molde og den engelske championship-klubben Crystal Palace har begge vore inne med bod på mellom to og tre millionar kroner – og fått nei av Sogndal.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på det. Eg har ein jobb å gjere på bana for at vi skal behalde plassen – og den er eg innstilt på å gjere, seier Hovland.

– Kva tenker du om måten Sogndal handterer boda som har kome på deg?

– Dei handterer det slik dei vil, og det kan ikkje eg gjere så mykje med. Eg har jo ein draum om å komme meg vidare ein gong, men eg må halde meg til om dei ønskjer å selje eller ikkje.

Trur han bli i klubben til nyttår

Sogndal sitt prisforlangande på Hovland ligg etter det NRK forstår mellom fem og seks millionar kroner til ein norsk klubb – og mellom åtte og ti millionar til ein utanlandsk.

Så langt har ingen klubbar vore i nærleiken av slike summar. Dermed trur Hovland at han blir verande i Sogndal til nyttår, sjølv om det framleis er eit par veker att av overgangsperioden.

– No er klubben i ein situasjon der alt handlar om å berge plassen i eliteserien, seier Hovland og godt at han sjølv er ein svært viktig spelar i den kampen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Even Hovland
Foto: Rune Fossum / NRK

Må først og fremst bli frisk

– Korleis er forholdet ditt til Sogndal-leiinga?

– Eg har ingen problem med dei førebels.

– Kan det bli problematisk?

– Det trur eg ikkje. No må eg berre prestere godt, og først og fremst bli frisk, seier han.

Framleis usikker til Start-kampen

Sportsleg leiar i Sogndal, Trond Fylling, har offentleg lova at når sesongen er omme så skal Hovland få gå til ein større klubb. Det løftet reknar Holand med at klubben held.

– Ja, då får det vere nok. Eg drøymer om å komme meg ut, og vi har yngre spelarar bak meg som vil ta plassen min, seier Hovland.

Det er framleis ikkje sikkert at Hovland blir speleklar til Sogndal sin viktige botnkamp mot Start komande søndag. Han har vore ute med skade i dei to siste seriekampane.