Arkivfoto NRK
Ein ferjebillett frå Krakhella i Solund til Rysjedalsvika kostar i dag 108 kroner. Om forslaget frå Statens Vegvesen går gjennom, vil prisen på same billetten bli 173 kroner.
- Tragedie for Solund
Rådmann i Solund, Ørjan Takle, er klar i talen. - Det er ein tragedie for oss som er avhengige av ferje for å kome oss til fastlandet, og i tillegg prøver å satse på turisme, seier han.
Billegare med rabattkort
Statens Vegvesen vil ha ei fullstendig omlegging av takstsystemet for bilferjene. Forslaget er ute på høyring, og går det gjennom blir ferjeturen altså mykje dyrare. Det vil seie, ikkje hvis ein er pendlar og har rabattkort. Dei kan få opp til 60 prosent rabatt, pluss at passasjerar skal få vere med heilt gratis.
- Går ut over turisttrafikken
Det er 17 ferjestrekningar i Sogn og Fjordane. - Turistane kjem ikkje til å juble når dei kjem på ferjekaia viss det blir endå dyrare, seier fylkesleiar i Reiselivsbedriftenes Landsforening, Odd-Erik Gullaksen. - Alt i dag blir Noreg oppfatta som eit dyrt land å reise i, og dette kan gå ut over turisttilstrøyminga.