Vik. Arkivfoto
Forskar Nils Arne Hvidsten seier dei store skipa som legg til kai kan øydelegge smoltbestanden i elva.
- Propellane rotar opp sjøen. Dermed kan straumen, som er veldig viktig for oppførselen til smolten, føre til endringar som gjer at smolten hamnar langs land i lengre tid enn normalt. Dermed kan smolten verte torskemat, sidan torsken oppheld seg nettopp her, forklarar Hvidsten.
Store propellar
Vik kommune har store planar for ein cruisekai på Grandane, like ved utløpet av elva Vikja. Denne elva har ifølgje Norsk Institutt for Naturforsking ein viktig bestand av både laks og aure. Frykta til forskarane i Trondheim er at store cruiseskip med store propellar fører til ei uheldig utvikling av Vikja.
Første prioritet
15 millionar kroner har Vik kommune tenkt å bruke på ein cruisekai. Dei vurderer også ein annan lokalitet, men det er ingen tvil om at kaien på Grandane er første prioritet. Såleis passar nok rapporten frå NINA heller dårleg for kommunen, men næringssjef Eivind Helleland trur ikkje alt han les. Han meiner nemleg smoltbestanden ikkje er truga av dei store skipa.
- Smolten vandrar ut om natta, og det betyr at vi kan styre trafikken slik at det ikkje er båtar her om natta.