Hopp til innhold

- Bygg tunnel gjennom Utvikfjellet

Hotelldirektør Richard Grov tek no til orde for ein tunnel gjennom Utvikfjellet.

Utvik og Utvikfjellet sett frå nordsida av Innfjorden

Grov meiner politikarane alt no må utøve press for å få bygd ut riksveg 60 som eit ferjefritt alternativ til Europaveg 39.

Direktøren for Alexandra Hotell i Loen seier til Fjordingen at tettare tilknyting til Førde og Bergen betyr mykje for næringslivet i indre Nordfjord.