- Dei har sagt det var stengt på grunn av uvêr, men det har ikkje vore noko uvêr her hjå meg i alle fall, seier Hov som bur på oppstigninga til fjellet.
Ottar Hov tykkjer det er svært merkeleg at vegvesenet heldt den viktige samferdsleåra over Gaularfjellet stengd heilt frå søndag kveld kl 20 til dei opna for kolonnekøyring tysdag kveld kl 18. Vegen vart stengd etter at ein bilist melde frå om svært vanskelege køyreforhold på vegen.
Store konsekvensar
Men stenginga av Gaularfjellet hadde store konsekvensar ettersom riksveg 55 i Lånefjorden også var stengd. Det same var riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. Slik sett var Gaularfjell-stenginga medverkande til at gjennomgangstrafikken i eit svært stort område nesten var blokkert.
- Stenginga heilt fram til i går kveld virka heilt unødvendig. Dei bør bruke dei vegane som er farbare, i ein slik situasjon,, meiner Ottar Hov.
Ikkje forsvarleg
Men distriktsvegsjef i Sogn, Pål Fosdal, meiner vêrtilhøva gjorde at det var rett å halde Gaularfjellet stengt.
- Vi vurderte vêret som så dårleg at det ikkje var forsvarleg å halde fjellet ope. Avgjerda vart teken på bakgrunn av meldingar vi fekk, og vêrtilhøve elles i fylket siste døgeret, seier Fosdal.