Verst ramma uveret hus og eigedommar i Sunnfjord og Sogn. Gjensidige, If, Vesta og Sparebank1 har i alt fått inn rundt 200 skademeldingar. Ifølgje skadesjef i Gjensidige Sogn og Fjordane, Arvid Slåtten, er det få store skader, men mange små. Størst skade gjorde alle skreda.
- Det vert meir omfattande skadar når hus vert trefte av skred enn om om vatnet fløymer inn i kjellaren, seier Slåtten.

Foto: Heidi Lise Bakke
Øydelagde vegar
Det er forsikringsselskapa som betalar skadane på bustadhus. Men det er ikkje desse skadane som kostar mest. Statens Vegvesen har vurdert øydeleggingane på vegane til rundt 20 millionar kroner. Statens Naturfond, som dekker skadar på jord, skog og vegar, kan og rekne med å måtte betale ut mykje, meiner Slåtten.
Sjølv om uveret resulterer i store utbetalingar, har ikkje Gjensidige planar om å setje opp premien, seier Slåtten.