NRK Meny
Normal

- Brutalt å misse brystet

Dottera Viktoria var berre litt over eitt år gamal då mamma Åse Frøydis Nilssen frå Førde fann ein kul i brystet sitt.

Åse Frøydis Nilssen

- BEINTØFT: Åse Frøydis Nilssen held på med cellegiftkurar.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det viste seg at det var kreft, og fembarnsmora er no midt i behandlinga for å bli frisk.

I heile oktober set Brystkreftforeninga i Sunnfjord søkelyset på denne kreftforma gjennom Rosa Sløyfe 2012. Brystkreft utgjer 22 prosent av alle krefttilfelle hjå kvinner. Ei av dei som er råka er altså Åse Frøydis Nilssen. Her er hennar historie:

– Eg kjende sjølv ein kul i brystet mitt, eg amma framleis minstejenta mi og handterte brysta dagleg, så då var det plutseleg ein kul eg ikkje hadde lagt merke til før. Eg tok det opp med fastlegen min ganske fort. Vi var vel nokså avslappa begge to og trudde det var ein uskuldig mjølkekjertel.

– Tenkte det verste

Så gjekk det tre veker, ho kom inn på sjukehuset på mammografi. Då syntest dei kulen var så mistenkeleg at dei ville ta ultralyd og vevsprøve. Ho fekk beskjed om at det kunne vere kreft.

– Den veka eg gjekk og venta på svaret var forferdeleg. Då tenkte eg det verste.

– Korleis var det å ha ei lita jente og ein stor familie oppe i dette?

– Det var forferdeleg, eg gjekk i eit slags vakuum eller ei boble, eg fungerte på eit vis heime, og kvardagen gjekk som han hadde gjort, men det indre var på ein heilt annan planet.

– Hæla i taket, men så...

– Snakka de om det heime?

– Eg prøvde å vere ærleg og orientere barna mine om kva eg skulle på sjukehuset. Då eg fekk svar på vevsprøven var det at dei ikkje hadde funne noko vondarta. Då var det hæla i taket og stor glede, men fordi dei uansett ville fjerne svulsten kirurgisk så ville dei ha fleire vevsprøvar. Den veka var eg veldig avslappa og veldig glad.

Men så, fredagen før påske i år, fekk ho kontrabeskjed, då hadde dei funne det dei kalla forstadiet til kreft. Behandlinga ville vere å fjerne brystet, og ho fekk beskjed om at ho måtte slutte å amme.

– Den påska var heilt forferdeleg, det å gå og vente på at dei skal fjerne ein del av deg, i tillegg til at vi måtte trappe ned på amminga som er noko av det finaste mellom mor og barn.

– Ikkje berre mjølka som fløymde

– Det var mykje tårer dei siste dagane før operasjonen, det var tøft. Siste gongen eg amma på det brystet var det ikkje berre mjølka som fløymde, det gjorde tårene og.

Som tilsett i helsevesenet hadde ho tankar om operasjonen kom til å gå bra eller ikkje.

– Så har du tankane rett før du sovnar inn av narkosen, og når du vaknar opp att, og du veit at noko av kroppen er vekk. På ein eller annan måte fann eg krefter, slik at eg greidde å møte opp på sjukehuset den dagen eg skulle opererast, men det var beintøft.

Åse Frøydis Nilssen

SLIT MED DÅRLEG SAMVIT: Åse Frøydis Nilssen tenker på alt ho skulle ha gjort.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Brutalt som kvinne

Like etter påske vakna ho opp etter operasjonen.

– Det som var litt rart var at eg var veldig letta. Eg fekk beskjed om at operasjonen hadde vore vellukka, eg tenkte: OK, no har dei fått vekk det som kunne ha vore farleg. Difor var eg letta så lenge eg låg på kirurgisk.

Men då ho kom heimatt, og litt etter litt tok vekk bandasjane og fekk sjå seg sjølv i spegelen, kom nedturen.

– Det greidde eg nesten ikkje, det var liksom ikkje meg lenger, det var brutalt som kvinne å sjå at det berre var eit arr igjen. Det har eg litt problem med den dag i dag, eg er liksom ingenting lenger.

Ny brutal nedtur

Ho innstilte seg på å leve med at ho hadde eitt bryst mindre, og at ho no var ferdigbehandla. Så gjekk det tre veker frå opererasjonen og til ho fekk svar på såkalla patologiundersøkingar. Då var det nok ein gong kontra: Vi har dessverre funne kreftceller, så då må du i gang med cellegift.

– Heile våren var som ei berg- og dalbane frå at dette går fint, så går det ikkje fint, så går det ganske greitt likevel, og så endar det opp med at det er kreft.

Ros til ektemannen

– Korleis har du greidd å handtere denne situasjonen med å vere sjuk og vere mor til fem?

– Eg er så heldig at eg har ein ektemann som stiller opp fullt og heilt, eg veit ikkje kva eg skulle ha gjort utan han. I sommar hadde eg nokre kraftige cellegiftkurar som gjorde at eg var inn og ut av sjukehus, eg var innlagd i fleire periodar. Utan han hadde det ikkje gått rundt, reint praktisk.

– All ære og takk skal ektemannen min ha, og så er ungane og veldig flinke til å hjelpe kvarandre.

– Dårleg samvit

Men Åse Frøydis slit med dårleg samvit for alt ho ikkje greier.

– Eg greier ikkje vere den mora eg så gjerne skulle ha vore. Eg greier ikkje stille opp på alt, eg må ta omsyn til korleis forma er. Når eg ligg på sofaen og minstejenta kjem og vil kose og herje og eg berre må dytte ho vekk, er det frykteleg vondt og tungt for meg.

Det slit og på samvitet hennar at ho ikkje greier å vere så delaktig i heimen som elles.

– Det blir ekstra belastning for alle andre og særleg for mannen min.

– Samstundes må eg prøve å vere positiv og optimistisk, som til dømes at i dag greidde eg å gå på eit foreldremøte, i dag greidde eg å hjelpe til med lekser, det å bite seg fast i desse positive tinga gir meg energi tilbake.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser