Stig Rune Lofnes i BarneVakten sjokkerte foreldra på Sande. (Foto: Idun Husabø Anderssen, NRK)
Filmen "Motorsag-massakren" (Foto: Sandrew Metronome)
- Lærarar blir lurte trill rundt av medievande elevar. Det seier informasjonsleiar i organisasjonen BarneVakten, Stig Rune Lofnes. I går kveld var han på Sande i Gaular i Sogn og Fjordane og åtvara mot alt det skadelege materialet ungar kjapt kan få tilgang på bak vaksne sin rygg, via internett, fjernsyn, mobiltelefon og dataspel.
Vekkjer foreldra
Valdsfilmar, blodige dataspel og hard porno er berre noko av det som det er uhyre lett å få tak i for dagens teknisk kyndige ungar. Når organisasjonen BarneVakten denne veka held møte på skular i Sunnfjord, er det for å vekkje foreldre og lærarar til ein kvardag ungane deira står midt i. Mange er alt for naive, meiner Lofnes.
Jean-Claude van Damme i filmen "Knock Off".
Føredragshaldaren har mange gode råd til foreldre, men også konkrete utfordringar til kommunar og skular. Datamaskiner kan nemleg lett få filter som silar vekk det verste. Dessutan vil Lofnes ha lærarane på kurs. Rektor Rune Kvammen, småskjelven etter eit rystande føredrag med mange livaktige skrekkeksempel, innrømmer at skulen hans ikkje er budd nok på borna sin mediekvardag. Til gjengjeld lovar han på flekken å strekkje seg mot tiltaka BarneVakten tilrår.
Filter og kurs
Lofnes meiner at datamaskinenene i heimen og på skulen må få filter som silar vekk den verste valden og pornoen på internett. I tillegg til filter på datamaskinene vil han ha lærarane på kurs. Rektor ved Sande Skule, Rune Kvammen, vil no vurdere desse tiltaka.
Skjelvne foreldre
Porno på mobiltelefonen. (Foto: NRK)
Foreldra som kom ut frå det to timar lange oppvakningsseminaret i går kveld var både kvalme og skjelvne, etter å ha sett filmklypp med parteringar, massakrar og andre ingrediensar i filmar, dataspel og tv-seriar som er lett tilgjengelege for ein kvar tiåring. Foreldra på Sande er dei første som i regi av organisasjonen BarneVakten får eit totimars dykk i den mediekvardagen borna deira lever midt oppi. I dagane som kjem, får også andre sunnfjordskular besøk av Stig Rune Lofnes, som har til jobb å fortelje foreldre ting dei helst ikkje vil vite.
Dette er ikkje tal frå ein annan landsdel. Det er ungane på Sande Lofnes snakkar om. Foreldra likte dårleg å høyre at halvparten av ungane på enkelte klassesteg hadde sett dei brutale Skrik-filmane.
Mange døme
BarneVakten viste mange bestialske døme frå mediekvardagen. (Foto: I. H. Anderssen, NRK)
Og akkurat det var vel meininga frå føredragshaldaren si side. Som for å verkeleg ovetyde dei, auste han det eine bestialske eksempelet etter det andre over storøygde foreldre. Om korleis Skrik-visningane i Frankrike utløyste ei bølgje av mord, om ungar som vrir seg i angst når dei skal sove, og om barneselskap der valdsorgiar som Terminator og Eksorsisten blir vist som underhaldning.
- Men slik er diverre ungane sin røyndom, bedyrar Lofnes.
For organisasjonen BarneVakten er skremselen berre ei side av prosjektet. Det dei til sjuande og sist vil, er å rettleie foreldre slik at dei blir medvitne på det ungane har mellom hendene og brukar tida si på av usunne ting.
Neve Campbell i filmen "Skrik 3".
Helst vil dei også hjelpe foreldra til å finne fram til gode alternativ og måtar å verne borna på.
Det er mykje å følgje med på, og det let seg neppe gjere å halde auge med alt utan å overbeskytte. Men Lofnes hevdar kostnaden ved at vaksne melder seg ut, vil vere skyhøg for oss alle.