Hopp til innhold

- Helse Førde bør oppretthalde UPH

Divisjonsdirektør i Helse Bergen, Hans Olav Instefjord, meiner Helse Førde bør jobbe hardt for å oppretthalde døgntilbodet for psykisk sjuke born og unge.

Hans Olav Instefjord

Divisjonsdirektør i Helse Bergen, Hans Olav Instefjord, meiner det bør vere mogeleg for Helse Førde å få på plass ein barne- og ungdomspsykolog slik at UPH kan leve vidare.

Dersom styret i Helse Førde legg ned Ungdomspsykiatrisk Avdeling på fredag, har Helse Bergen berre to plassar å tilby dei aller sjukaste ungdomane.

- Utover det, så er det vanskeleg for oss å framskaffe kapasitet, seier divisjonsdirektør Hans Olav Instefjord i Helse Bergen.

Manglar psykolog

Mangel på ein barne- og ungdomspsykiater er Helse Førde sitt hovudargumentet for å kjøpe plassar og sende pasientar til Bergen. Men stillinga har ikkje vore lyst ut.

Instefjord meiner bestemt at det skal vere mogleg å få fagfolk til Sogn og Fjordane.

- Det burde absolutt vere mogeleg for Sogn og Fjordane å sikre seg nokre av kandidatane som blir utdanna, seier han og trur uro kring avdelinga medverkar negativt alternative søkjarar.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Vil leggje ned ungdomspsykiatrisk avdeling

Skeptisk psykolog

Avdelinga vart oppretta i 2006 og har slite med stabil bemanning. Framlegget om å legge ned tilbodet blir møtt med sjokk på avdelinga med åtte sengeplassar.

Psykolog Maria Naustdal Bergsholm, som jobbar på ungdomsavdelinga, er svært skeptisk til ei nedlegging.

- Ein misser nærleiken og oppfølginga i høve pårørande og foreldrearbeid blir veldig vanskeleg med den lange distansen, meiner ho.

- Bør bli som i dag

Både tilsette, fagfolk og ungdomane sine eigne representantar har gått kraftig ut mot framlegget om å legge ned avdelinga.

Samstundes som administrasjonen i Helse Førde føresler å legge ned avdelinga, ynskjer dei også å oppretta nye plassar for dei meir akuttsjuke ved distriktspsykatriske sentera i Sogndal og Nordfjordeid.

Divisjonsdirektøren i Bergen meiner det beste alternativet er å la avdelinga leve vidare slik at psykisk sjuke born og unge får bli i Førde.

- Eg trur ikkje at det er nokon som er i tvil om at det fagleg beste tilbodet er vidareføring av dagens organisering, seier han.