- Be Vik om orsaking!

Ordførarane og rådmannen som førte Vik ut i Terra-uføret må be om orsaking.

Rune Wold i Vik Frp.

Rune Wold ber dei ansvarlege for Terra-skandalen i Vik om å be kommunen om orsaking.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Leiaren i kontrollutvalet, Rune Wold (Frp), har berre ei forklaring på kvifor det gjekk som det gjekk med Terra-investeringane i Vik.

LES OGSÅ: Lærarar sluttar i Terra-kommune

- Det var ein god idé som ikkje rett og slett ikkje var gjennomtenkt før dei sette den ut i livet.

- Dei skuldige er:

Kommunen må kutte 25 millionar kroner årleg dei neste fire åra for å dekke inn dei estimerte 90 millionane som Vik har tapt på investeringane. Rådmannen presenterte onsdag ei svært omfattande

kuttliste . Kontrollutvalet skal starte gransking, men Wold peikar allereie no på tidlegare rådmann Nils Geir Myrkaskog og tidlegare ordførarar Erik Lidal og Erling Stadheim som syndebukkar.

- Dei vurderte vel aldri faren med dette og oversåg litt for mange lover og regler til at det var velfundert, seier han.

- Sei unnskyld

Wold tvilar ikkje på at investeringane vart sett i gang med god meining. I tillegg gjekk eit samrøystes kommunestyre god for investeringane.

- No skal kontrollutvalet gå gjennom dette og gje si innstilling til kommunestyret. Så får vi håpe at dei som har fått oss ut i dette kanskje bør seie unnskyld.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.