Hopp til innhold

Dramatiske kuttforslag i Vik

Nedleggingar av skular og barnehagar er på langt nær nok for kriseråka Terra-kommune.

Marta Finden Halset

Ordførar Marta Finden Halset i Vik gler seg ikkje til kuttmøtet i ettermiddag.

Foto: Sindre Løkstad / NRK

I ettermiddag legg rådmannen Oddbjørn Ese i Vik fram ei omfattande utgreiing som peikar på budsjettpostar der politikarane i Vik kommune kan kutte for dekke inn det ovstore Terra-tapet på 90 millionar kroner.

Dyster lesnad

- Dei økonomiske utfordringane som Vik kommune står framfor, er enorme, skriv Ese innleiingsvis og slår an tonen for det som blir dyster lesnad for kommunepolitikarane i Vik. Utgreiinga til Ese fortel at dei folkevalde må vedta særs dramatiske og upopulære nedskjeringar for å dekkje Terra-tapet. Forslaget til kuttliste for å dekkje inn tapa etter Terra-skandalen, inneheld mellom anna dette:

Nedlegging av skular og barnehagar

Nedlegging av ungdomsskulane i Fresvik og Feios, barnehagen i Feios, flytting av mellomtrinnet frå Valsvik skule i Framfjorden til Flatbygdi skule i Vik, kutt i skulefritidsordninga (SFO), nedlegging av rektorstilingar, kulturskuletilbodet blir redusert vesentleg, aspirantkorpset blir avvikla. Dette vil kunne gi årlege innsparingar frå 2009 på vel fire millionar kroner. I tillegg meiner Ese at politikarane må vurdere å gjere endå større endringar i skulestrukturen, noko som kan innebere at Feios misser mellomtrinnet, at skulen på Vangsnes og barnehagane på Vangsnes og i Feios blir lagde ned.

Nedlegging av Fresvik bygdeheim

I helse- og sosialsektoren må politikarane ta stilling til om dei skal gjere følgjande kutt: Nedlegging av Fresvik Bygdaheim, kutt i administrasjon, kutt i rehabiliteringstilbod, fjerning av rehabiliteringsteam, nedlegging av legetilbod i Fresvik, kutt i barnevernet. Dette vil kunne gi årlege innsparingar frå 2009 på i underkant av fire millionar kroner.

Skulebåt til Sogndal er truga

Politikarane må vidare bestemme seg for om dei skal gjere følgjande innsparingar: Fjerning av landbruksvikarordning, nedlegging av Vik lokalhistoriske arkiv, ungdomsklubben, kinoen, skulebåten til Sogndal, heimedag for vidaregåande elevar, ungdommens kommunestyre, ordninga "Sommarjobb for ungdom" og venskapskommune, samt kutt i veterinærtenesta og administrative stillingar. Årleg innsparing? Vel tre millionar kroner.

Stenging av badebasseng

Innan drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar må politikarane vurdere mellom anna følgjande: Sal av kommunale eigedomar, auka husleiger, energisparing, sal av Kristianhus, avvikling av kommunale vegar og stenging av badebassenget i deler av året. Dette kan gi innsparingar på i underkant av to millionar kroner.

Sal av aksjar i Sognekraft

Tilsaman kan kuttforslaga gi årlege innsparingar på mellom 15 og 19 millionar kroner. Rådmann Ese peikar dessutan på at Vik kommune eig 19,8 prosent av aksjane i Sognekraft. Prisen på desse aksjane er ikkje talfesta, men rådmannen skriv at eit sal av kraftaksjane kan nyttast til nedbetaling av gjeld som no er på totalt 130 millionar kroner. Eit sal vil bety at Vik kommune misser eit årleg utbyte på seks millionar kroner.