Hopp til innhold

- Årdal er ikkje Ap si ære

- Situasjonen for Årdal ville i dag vore akkurat den same uansett regjering, det hevdar 2. nestleiar i Høgre, Jan Tore Sanner.

Jan Tore Sanner.
Foto: Jarl Fr. Erichsen. / Scanpix

- No kan vi konstatere at det som skjedde i Årdal, også ville ha skjedd om vi sat i regjering. Det er ikkje Odd Eriksen, Reidar Sandal eller Jens Stoltenberg si ære at Hydro legg pengar på bordet. Det er Hydro som tek samfunnsansvar, men det inntrykket Sandal skapte, var at berre Ap fekk makt så skulle alt verte som før, sa Sanner til årsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre i helga.

- Flott av Hydro

No har Arbeidarpartiet tatt æra for at dei pressa den førre regjeringa til å løyve 100 millionar kroner ekstra til omstilling i Høyanger og Årdal. Dette er dei midlane som Innovasjon Norge no brukar til etablering av dørfabrikken Dooria, men Sanner meiner det heller ikkje er sant.  

- Eg forhandla sjølv fram dei 100 millionane saman med Hill Marta Solberg frå Arbeidarpartiet. Høgre fekk også til at det vart sett av pengar til Florø. Vi er opptatt av at alle lokalsamfunn med behov for omstilling skal få hjelp. Men den nye regjeringa har ikkje gjort noko spesielt for desse samfunna. Men Hydro har stilt opp, og det synest eg er veldig bra, seier Sanner.