For det er ingen tvil om at bøndene i Austredalen i Gloppen kommune får store problem og mykje ekstraarbeid når vegen mellom Aa og Ommedal er stengd. Det er bygdene Ommedal, Rognekleiv, Mjellheim, Gjengedal og Dalheim som er utan vegsamband ei god stund frametter.
15 gardsbruk utan vegsamband
Kring 15 gardsbruk får verken levert mjølk eller tilkøyrt fôr etter at fleire hundre kubikkmeter stein rasa ut under sprengingsarbeid i går, og tok med seg vegen. Gardbrukar Nils-Magne Gjengedal seier dette er dramatisk og fryktar mykje ekstraarbeid i tida som kjem. Han er ein av dei som driv med dyr i området som no er utan vegsamband. Alt må no transporterast med båt.
Vegen til Austredalen er stengd (raud stjerne) mellom Aa ved Hyen og Ommedal. (Kart: Arild Nybø, NRK/Statens Kartverk)
Mykje av vegen forsvann
Det var under utbetring av vegen forbi Laksehammaren ved Ommedalsvatnet at det som skulle vere ei lita og kontrollert sprenging fekk langt større følgjer enn venta, fortel entreprenør Torleif Straume. Men Straume seier dei gjorde alt etter boka.
Skotsalven som røska med seg nesten heile vegen mellom Aa ved Hyen og Ommedal i går, får konsekvensar i mange ledd. Djupet på den eine sida, og bratt høgt fjell på andre sida av vegen, gjer at det er uråd å ta seg forbi staden langs vegen.
Båtskyss
Problema synte seg raskt. Mellom anna for dei kring 30 skuleborna som brått ikkje hadde vegsamband til heimane sine. Det fortel Ola Tormod Ommedal som er rektor på Hyen skule. Ommedal bur sjølv ovanfor staden der vegen forsvann og måtte få skyss med båt då han skulle heim frå arbeid. Han trur ein må innstille seg på at dette kan bli kvardagen i lang tid framover.
I dag får elevane fri frå skulen. I tillegg er det mellom 20 og 30 yrkesaktive som pendlar forbi staden kvar dag, og som no får båtskyss. Verre er det med transport av varer.
Kan ta lang tid
Distriktvegsjef Oddvin Ylvisaker ser ikkje vekk frå at det kan ta tid å få ein ny veg forbi staden. Vegvesenet hadde i går ein mann på staden for å sjå på skadeomfanget. Kva som vil bli gjort med tanke på utbetring er det endå for tidleg å seie.
I dag held arbeidet med å finne ut kva som skal gjerast fram. Mellom anna kjem det geolog til staden. Vegvesenet håpar då også å finne ut meir om kva som skjedde i går.
Det vil ta lang tid å byggje opp att vegen. (Foto: Ole Matias Aa)