Hopp til innhold

- Ap kan gjere katastrofeval

– Arbeidarpartiet kan kome til å gjere eit elendig fylkes- og kommuneval i 2011.

Ingrid Heggø og Arbeidarpartiet jublar på valvake

GODE TIDER: Stortingskandidat for Sogn og Fjordane, Ingrid Heggø, jublar på valvake i høve Stortingsvalet i 2009. Det kan bli mindre jubel etter Fylkes- og kommunevalet neste år.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det fryktar tidlegere fylkesleiar og lokalhistorikar Johs. B. Thue.

Thue trur at omgjeringa av lokalsjukehus til lokalmedisinske senter er ein sak som Ap får skulda for i Nordfjord og Indre Sogn.

– Sjukehusstrid er ugunstig for Ap

– Det er i folks auger Ap som må bera det politiske ansvaret for dei eventuelle strukturendringane som no skjer, meiner Thue.

Han viser til at fleire profilerte Helse Førde styremedlemmer er frå partiet og meiner Ap bør unngå fleire styremedlemmer.

– Sjukehusstrid er ikkje noko særleg gunstig for Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Det har me breid erfaring med, seier den tidlegare fylkesleiaren.

Bekymra medlemmar

Leiar i Vågsøy Arbeidarparti, Kristin Maurstad, veit at partiet truleg går tøffe tider i møte i Nordfjord og Indre Sogn.

– Eg har fått ein del innspel frå medlemmer som er bekymra. Det tek me sjølvsagt omsyn til, seier Maurstad.

Før helga gjekk helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) langt i å støtte ei omgjering av lokalsjukehusa til lokalmedisinske senter. Dette har vakt sterke reaksjonar blant veljarar i delar av fylket.