Hopp til innhold

Kraftig kritikk frå Ap-ordførarar

Dei to Ap-ordførarane er skuffa og uroa etter forslaget frå styret i Helse Førde om å leggje ned lokalsjukehusa i Lærdal og Eid.

Arne Sanden

Arne Sanden seier at Lærdal går ei tung omstilling i møte.

Foto: Håvard Holme

Helseføretaket går inn for å oppretthalde eit sentralsjukehus i Førde og gjere Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus om til lokalmedisinske senter utan sengepostar. Lærdalsordførar Arne Sanden seier at det er eit dramatisk forslag.

– Dette betyr at vi går ei tung omstilling i møte. Eg er overraska over dei forslaga som kom fram i dag, for eg hadde andre forventingar til det som kom ut av denne prosessen.

Høyr reaksjonar på forslaget om å leggje ned lokalsjukehusa

Overraska ordførar

Ordførar Sonja Edvardsen

Ordførar Sonja Edvardsen i Eid er skuffa og uroa.

Foto: NRK

Også ordføraren i Eid, Sonja Edvardsen, er overraska over forslaget.

– Slik eg ser det, så er dette er ei nedlegging av lokalsjukehusa. Realiteten er at dei legg opp til eit sjukehus i Sogn og Fjordane sjølv om vi skulle få to lokalmedisinske sjukehus i Lærdal og Eid.

- Bruker samhandlingsreforma

Ho meiner dei bruker samhandlingsreforma til å leggje ned to lokalsjukehus trass i det som står i regjeringserklæringa om at ingen sjukehus skal leggjast ned i samband med omstillingane.

– Eg er skuffa og svært uroa for sjukehuset på Eid og dei tilsette.