Hopp til innhold

- Alexela fekk altfor lita bot

Leiar Kurt Oddekalv i Miljøvernforbundet, meiner Alexela Sløvåg har fått ei altfor lita bot.

Kurt Oddekalv ved opprydningen ved Vest Tank

Kurt Oddekalv ved opprydningen ved Vest Tank.

Foto: MMS:Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Føretaket vart onsdag ilagt ei bot på to millionar kroner for brotsverk frå før eksplosjonen.

- Eg tykkjer det er ei altfor lita føretaksbot. Eg meiner det burde vore ein null bak den bota, seier Oddekalv.

Video nsps_upload_2009_6_17_19_18_29_1382.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Helseskadane vil komme

Onsdag vart tidlegare styreformann og tidlegare dagleg leiar i Vest Tank tiltalte for miljøkriminalitet og for økonomisk kriminalitet . Samstundes vart selskapet bøtelagt. I mai 2007 eksploderte to tankar med oljeslam på selskapet sitt anlegg i Sløvåg i Gulen. Eksplosjonen førde til helsefarleg utslepp.

- Det som denne ulukka har ført til er betydeleg tal helseskader som vil komme i åra framover, trur vi, seier Oddekalv.