Hallvard T. Bjørgum
Foto: Javier Auris / NRK

Å spele seg frå sans og samling

Går det an å gå i transe ved hjelp av musikk? Nevroforskaren gir svar.

På midten av 1800-talet var Myllarguten den største rockestjerna i Noreg. Hardingfelespelaren gjekk til fots, frå bygd til by, og overalt der han kom, samla folk seg i hopetal.

Det gjekk nemleg rykte om at spelemannen hadde inngått ei pakt med Fossegrimen, eller Satan sjølv, for å få dei spesielle evnene sine.

Han var kjent for å gå i transe når han spelte; ved nokre tilfelle måtte lyttarane rive fela ut av hendene hans for å få han til å slutte.

Torgeir Augundson / Myllarguten

TRANSE-SPELAR: Torgeir Augundsson aka Myllarguten kom frå Rauland i Telemark.

Foto: Bø Museum

Myllarguten døydde i 1872, eit par år før grammofonen vart funnen opp, og dei ekstatiske framføringane hans vart difor berre lagra i publikums hjarte og hjernar.

Historiene vart legender, legendene vart mytar, og det mystiske transespelet forsvann etter kvart ut av folkeminnet.

Det vil seie – det vart aldri heilt vekke. På ein liten stad, langt oppe i indre dalstrøk, finst det framleis spelemenn igjen av den gamle skulen.

Arven etter Myllarguten

På Rysstad i Setesdal møter vi spelemannen Hallvard T. Bjørgum (67). Han har budd i dalen heile sitt liv og hatt ein klassisk oppvekst på bygda med «bilar, skytevåpen og ølbrygging i maurtuene i skogen».

Hallvard T. Bjørgum

SLEKT: Setesdal er eit av dei mest avsidesliggande dalstrøka i Sør-Noreg. Foreldra til Hallvard var tremenningar. Altså er spelemannen sin eigen firmenning.

Foto: Javier Auris / NRK

Men dalen er også kjent for å vere ein viktig ynglestad for folkemusikk, og Hallvard går inn i ei lang rekke spelemenn i sin familie. Faren hans, Torleiv H. Bjørgum, spelte bokstavleg talt til siste slutt då han døydde med fela i handa under eit årsmøte i Setesdal Spelemannslag i 1990.

Sjølv fekk Hallvard si første hardingfele då han var fire år gammal, og sidan har han vigd livet til felespel. Gjennom åra har han også skaffa seg Noregs største samling av hardingfeler – mellom anna ei av sitt store forbilde.

Dette er ei av dei mest legendariske felene i heile landet. Ho har ti strengar og var eigd av Myllarguten – den mest legendariske spelemannen i heile landet, forklarer Hallvard.

Hallvard T. Bjørgum og fela til Myllarguten

FRÅ EI LEGENDE TIL EI ANNA: Hallvard T. Bjørgum har også blitt ei levande folkemusikk-legende. Han har vunne fleire landskappleikar og spelemannprisar. I 2014 vart han utnemnd til riddar av St. Olavs orden «for si eineståande betydning for folkemusikk».

Foto: Javier Auris / NRK

Hallvard kjenner naturlegvis godt til historiene om Myllargutens ekstasar. Han seier også at han sjølv har erfart liknande opplevingar.

Ved hjelp av eldgamle slåttar hevdar han å kunne spele seg i transe.

Gorrlaus bass

Hallvard T. Bjørgum stemmer strengane på hardingfela lågare enn vanleg; den mørkaste strengen stemmer han ekstra lågt – til det han kallar «gorrlaus bass».

Den gorrlause stemminga blir brukt når ein skal spele «rammeslåttar», som betyr sterke/kraftige slåttar. Slåttetypen er omtala allereie i den islandske «Boses saga» frå 1400-talet.

Sidan har slike melodiar vore forbundne med transe, mystikk og Satan sjølv.

Hallvard T. Bjørgum

KJÆRLEIK: Finn nokon som ser på deg som Hallvard ser på hardingfela si.

Foto: Javier Auris / NRK

I Setesdal betyr uttrykket «å kome på rammeslåtten» å spele seg frå sans og samling. På 1800-talet førte mytane om det utanomjordiske spelet til at kyrkja såg på hardingfela som eit demonisk instrument.

Fleire stadar i landet vart fela brent på bålet. I enkelte dalstrøk vart folkemusikken utrydda.

Det er med andre ord kraftig kost Hallvard skal spele for oss. Ifølge spelemannen er rammeslåtten «Nordafjells» kjent for å ha ein «transeframbringande effekt».

Hallvard skildrar transen som ein ekstremtilstand. Opplevinga skil seg ut frå alt anna og er difor vanskeleg å setje ord på.

Det er eit sterkt velvære. Men transe skapar også ei viss frykt hos meg. Eg føler at eg mistar kontrollen og tenkjer: «Kva faen er det som skjer?»

Tida er inne for ein telefon til ein kjent nevroforskar i USA for å få svar på det store spørsmålet:

What the f**k is happening with Hallvard T. Bjørgum?

Den perfekte transemusikken

Indre Viskontas er professor i psykologi ved University of San Francisco. Ho er både nevroforskar, operasongar og ekspert på korleis musikk påverkar hjernen vår.

Ho kan naturlegvis ikkje vite nøyaktig kva som skjer i hovudet til Hallvard T. Bjørgum i Setesdal. (Det blir for mykje å krevje av nokon, sjølv ein nevroforskar.)

Men ho ser ingen grunn til å tvile på opplevingane hans.

Indre Viskontas

Transe er ei form for endra bevisstheit, forklarer ho.

Ifølge forskaren har tilstanden fleire likskapstrekk med søvn. Ho kan òg stadfeste at ein kan falle i transe både av å spele og lytte til musikk. I alle fall ein viss type musikk.

Enkelte musikalske eigenskapar eignar seg nemleg betre enn andre som transe-triggarar.

Ho nemner den openberre musikksjangeren «trance» som eit godt døme, men det viser seg også at rammeslåttane kryssar av fleire punkt på lista for kva som er god transemusikk:

Rytme

Få ting påverkar hjernen vår sterkare enn rytme. Det er nærmast umogleg for eit menneske å høyre rytmisk musikk utan å røre på seg. På dette området er vi som rase unik: Ingen andre dyr reagerer på same måte.

Innanfor fleire kulturar heng rytme og transe nært saman, til dømes sjamanar som trommar seg inn i ekstatiske opplevingar.

Shaman

SJAMAN: Nyare forsking på sjamanar som trommar viser at hjerneaktiviteten deira forandrar seg betrakteleg under transe.

Foto: Аркадий Зарубин / Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0

Rammeslåttane er også sterkt rytmiske. Medan Hallvard spelar på fela, trampar han ei suggerande 6/8-takt med føtene.

Repetisjon

Ein av hovudingrediensane i transemusikk er masse repetisjon, seier Indre Viskontas.

Ho forklarer vidare at transe oppstår i eit nettverk i hjernen som blir kalla «default mode network». Dette systemet blir aktivert når vi ikkje konsentrerer oss eller fokuserer på noko.

Gjennom repetisjon får vi musikken under huda. Spelet går på automatikk, utan at musikaren treng å bruke tankekrefter.

Ein jazzmusikar som improviserer over eit gjentakande tema, har eit aktivt «default mode network», seier nevroforskaren.

Keith Jarrett spelar piano

JAZZ: Om jazzpianisten Keith Jarrett spelte seg i transe, er uvisst. Men eit eller anna gjekk i alle fall føre seg oppe i hovudet hans.

Foto: Ramseier / Keystone

Hallvard T. Bjørgum kan skrive under på at repetisjon har vore ein viktig faktor under hans transeopplevingar.

Før kunne eg spele i mange timar utan stans. I bryllaup i gamledagar kunne spelemennene spele i fleire døgn, men då trong dei brennevin, seier Hallvard.

– Er rus nødvendig for å kome i transe?

– Det er aldri startrampa, men det kan hjelpe for å oppretthalde, og til dels forsterke, ein sinnstilstand.

Bass

Noko av den hottaste forskinga på musikk og hjernen dei siste ti åra har gått føre seg på det amerikanske universitetet MIT. Der har dei funne ut at djupe, konstante basstonar har ein heilt spesiell påverknad på hjernen.

Desse lydbølgene kan nemleg synkronisere seg med hjernebølgene, slik at dei svingar med same frekvens. Slik kan mørke tonar heilt konkret endre sinnstilstanden til eit menneske.

Inspirert av forskingsprosjektet har komponisten Tod Machover komponert ein melodi der ein djup basstone på 40 Hz ligg konstant og durar gjennom heile melodien.

Lytt og kjenn etter om bevisstheita endrar seg:

Laster SoundCloud-innhold

Rammeslåttane er kjent for sine ekstra djupe basstonar. På desse slåttane er det også vanleg at den mørkaste strengen blir brukt til å lage ein djup tone under melodien. Understrengane i hardingfela bidrar også til å skape eit hav med under- og overtonar.

Dette gir instrumentet ein svært rik klang med både lysare og mørkare tonar enn det spelemannen faktisk spelar.

Spektrometer av hardingfele

1 ELLER 25 TONAR?: Det som i ei grafisk framstilling kan sjå ut som eit hav av ulike tonar, er berre ein tone på fela.

Å gi seg bort

Gjennom fleire hundre år har norske spelemenn blitt skulda for å vere besette av underjordiske krefter. Andelege opplevingar har òg vore sterkt knytt til transe i andre kulturar.

– Somme får ei religiøs oppleving, men eg er verken truande eller andeleg, seier Hallvard T. Bjørgum.

Han vedgår likevel at han får ein sterk følelse av å gi seg bort til noko (eller nokon?) anna. Så kva er dette noko?

Hallvard T. Bjørgum

EKSTREMSPORTUTØVAR: – Dette er min ekstremsport, seier Hallvard og viser fram fela. Han kjenner til fleire som har tatt skade av å spele for hardt og for lenge, til dømes spelemannen Tarkjell Aslakson Austad som spelte på seg ein stor kul på ryggen.

Foto: Javier Auris / NRK

På sett og vis kan vitskapen stadfeste at spelemennene faktisk har vore besette men ikkje nødvendigvis av Satan eller Fossegrimen.

Spelemennene har vore besette av musikk.

(Og litt sprit.)

Sjå NRKs nye dokumentarserie om norsk folkemusikk her:

Munnharpespiller Kenneth Lien jakter på det mystiske i folkemusikken, men finnes det fortsatt mystikk i 2023?

Munnharpespiller Kenneth Lien jakter på det mystiske i folkemusikken, men finnes det fortsatt mystikk i 2023?

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! 

Vil du vite meir om korleis musikk påverkar hjernen? Les professor Indre Viskontas tankar om Matomas tårer: