Hopp til innhold

Reventyr: Undervisnings­opplegg

Reventyr er ein animasjonsserie som levandegjer norske eventyr. Sjå på Reventyr med klassen din og arbeid med desse oppgåvene!

Reventyr - nrk skole
Foto: NRK

Samanlikn Reventyr med originaleventyret

Les Reven og kråka for klassen slik det er nedskrive.

Reven og kråka
Foto: Folkeventyr

Samtal med klassen om eventyret. Kva for eventyrtrekk finn elevane?

Sjå deretter episoden om Reven og Kråka i Reventyr

Bamse og Mikkel vil lage pannekaker, men mangler egg. Mikkel har blitt kongelig egge-skatt-innkrever og nå må kråka punge ut. Eller må hun det?

Bamse og Mikkel vil lage pannekaker, men manglar egg. Mikkel har blitt kongeleg egge-skatt-innkrevjar og nå må kråka punge ut. Eller må ho det?

Samtal med klassen

  • Kva for forskjellar finn elevane?
  • Kva for ein versjon liker dei best?

Lag ditt eige eventyr

Bruk gamle aviser eller magasin, og la elevane klippe ut bilete og figurar. Bruk desse til å lage karakterar til eigne eventyr i Reventyr-stil.

Bruk karakterane til å forme nye eventyr, og skriv kva som skjer i dei. Er det ein lur rev som forsøker å lure nokon? Er det ein skummel bjørn? Finst det ei premie dei kan vinne? Kven blir taparen?

Reventyr MSUI38007019

La deg inspirere!

Foto: NRK

Dubbeframsyning

Sjå filmen utan dialoglyd, og la elevane lage sine eigne eventyr ut frå kva dei ser. Skriv ned dei nye eventyra, og la elevane «live-dubbe» filmen for resten av klassa.

Inspirert av eventyret Hanen og Reven, nedskrive av Asbjørnsen og Moe. Versjon utan dialog, slik at elevane kan dubbe sjølv.

Etter framsyninga kan dokker sjå filmen med lyd, eller lese det originale eventyret.

Var det nokon av elevane som hadde skrive eventyr som likna?