Hopp til innhold

Gammaldansen og trekkspelet

Som tidlegare nemnt var 1800-talet ei tid med store omveltingar i samfunnet vårt. Den nye tida var på full fart inn, med den påverknad dette førte med seg både av tankar, idear – og ikkje minst musikk. Frå kontinentet i Europa og frå øyane i vest kom det ny musikk og nye dansar. Vals, reinlender, masurka og polka og galopp.

Folkemusikk

Gammeldansorkesteret FRISK SKYSS, Voss

Foto: -ukjent fotograf- / NRK

Siste halvdel av hundreåret vart sterkt prega av utviklinga frå naturalhushald til pengehushald. Den industrielle revolusjonen førte med seg mykje nytt av impulsar frå utlandet.

Her heime vart kommunikasjonane betre. Styresmaktene satsa mykje på ei omfattande utbygging av veg- og jernbanenett. Skuleverket vart betre, landhandelen vart skipa, og Bygde-Noreg fekk i det heile mykje betre kontakt med byane. Det var ei sterk brytingstid mellom gamalt og nytt.

Nye dansar og nye tonar vart spreidde gjennom stor sjøfart og kontakt med andre land, og med omreisande spelemenn. Denne musikken og dansen er det vi i dag kallar gamaldans. Dei eldre dansane som springar, gangar og halling kallar vi bygdedans.

Eit instrument som vart oppfunne i denne tidsepoken, og som kom til å setja eit sterkt preg på både samtida og ettertida, er trekkspelet.

Lars Holm

Lars Holm, trekkspill

Foto: Jan Nordby / NRK

Trekkspelet vart oppfunne i Tyskland på slutten av 1820-talet, og vart raskt umåteleg populært. Til Kristiania og Norge kom den fyrste einradaren på 1830-talet. Men det tok enno ca. 50 år før det nye instrumentet var kjend utover i bygdene.

På 1860-talet skjedde det ei religiøs vekking som greip om seg over store delar av Nord-Europa. Så også her i Norge. Denne religiøse vekkinga gjekk til åtak på så mangt, deriblant fela og felemusikken, og felene vart stempla som eit «Satans instrument».

Vi veit at mange spelemenn vart gripne av denne vekkinga. Mange brende opp felene sine. Folkemusikken fekk ein knekk på denne måten.

Trekkspelet var så nytt, at det slapp unna åtaka frå dei religiøse leiarane. På same tid vart det sett i gang masseproduksjon av trekkspel i Tyskland. Instrumenta vart billigare, og fleire fekk råd til å kjøpe.

På 1870-80-talet ser det ut til at trekkspelet, einradaren, var utbreitt og godt kjent over heile landet. Så også Folkemusikk frå Buskerud. . Frå hundreårsskiftet fekk trekkspelet ein veldig popularitet. Blant anna vart det teke i bruk som kinoinstrument.

I det grønne

Arvid Svendsen spiller torader og Håkon Brusveen tramper takten.

Foto: -ukjent fotograf- / Morten Antonsen, NRK

Folk strøymde til kinoane for å sjå stumfilm, og trekkspelarane fekk eit stort publikum der dei sat og tonesette handlinga på filmlerretet. Instrumentet vart etter kvart meir utvikla. Toraders durspel vart meir vanleg, og rundt 1910 dukka dei fyrste kromatiske og liketonige trekkspela opp.

Rannveig Djønne forteller oss om toraderen.

Ranveig Djønne fortel om totaderen.

Jo Asgeir Lie forteller oss om trekkspillet.

Jo Asgeir Lie fortel om trekkspelet.

I samband med trekkspelet må ein heller ikkje gløyme munnspelet. Dette vesle instrumentet, som er bygd etter same prinsipp som dei fyrste trekkspela, vart også svært populært. Det var billig, lite, lett å ta med seg, og det er det ikkje rart at munnspelet også vart eit svært populært dansemusikkinstrument.

Interessa for trekkspelet og gamaldansen gjorde at både fela og den gamle slåttemusikken vart trengd til side ei tid og mindre nytta til dans. Feleslåttane var ein tradisjon bygd ut over lang tid, med grunnlag i dei gamle danseformene.

Det tok si tid før den nye musikken vart tilpassa felene. Trekkspelet derimot, kunne spela den nye musikken straks han kom, og ungdommen fekk dansa det dei helst hadde lyst til, der og då.

Gamaldansmusikken og dei tilhøyrande dansane viste seg å ikkje vera noko som gjekk «av moten». I delar av landet vart det desse danseformene som overtok heilt for dei gamle dansane. Andre stader har gamaldansmusikken levd side om side med folkemusikken.

Tom Kjetil Tørstad. Latterkula;

Spelemenn og dansarar har dyrka begge delar. Etter som tida har gått er dei «nye» dansetypane fleire stader vorte omforma i stil med det eldre stoffet, så dei har fått lokale særdrag og preg av gamal folkemusikktradisjon.

Embrik Bergaplass spelar den gamle springaren Asle-Knut tilpassa det nye instrumentet Torader:

I dag lever bygdedansen og gamaldansen meir eller mindre side om side i folkemusikkmiljøet. Men det er viktig å skilje mellom dei to musikk- og danseformene.

Ut frå praksis i folkemusikkmiljøet er det rett å snakke om folkemusikk og gamaldansmusikk. Når det gjeld dansen skil vi på same måten mellom bygdedans og gamaldans.