Hopp til innhold

– Alle hestane kan få ein ny heim

Hesteinteresserte over heile landet står klar til å ta imot meir enn 40 hestar frå ein gard i Sirdal. – Engasjementet har vore heilt fantastisk, seier initiativtakar Anne Margrethe Rosland.

Anne Margrethe Rosland

Anne Margrethe Rosland har leia arbeidet med å samla inn namn på folk som er villige til å overta dei forsømte Sirdals-hestane.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Anne Margrethe Rosland frå Bryne har engasjert seg i hestesaka frå Sirdal heilt sidan i sommar då ho slo seg i lag med ei mindre gruppe folk som ønska å kasta lys over saka. Dette var då det også blei lagt ut bilete av svært avmagra hestar frå garden på sosiale medium.

– Eg har lagt merke til hestane på denne garden i fleire år nå, og kjende det i magen då eg såg bileta. Det kjennest skikkeleg ille å sjå på dyr som har det slik, seier ho.

Bileta var tekne på ein gard i Sirdal kommune i Vest Agder, som Mattilsynet har hatt i kikkerten i 13 år. I haust har det blitt oppretta ny sak mot paret som driv garden, og i går blei det kjent at Mattilsynet legg ned forbod mot dyrehald.

Innan 15. november må 42 hestar og sju kyr overførast til andre eller slaktast.

– Seriøse folk

Nå håper Rosland at gardbrukarane vil ta imot hjelpa dei tilbyr.

– Dei bør absolutt omplassera hestane. Me er folk over heile landet som står klar til å hjelpa til. Alle hestane kan få ein ny heim. Dei aller fleste heimane er permanente, medan nokre er mellombels, seier ho.

At det var nettopp Rosland som fekk ansvar frå hesteinteresserte å samla inn lista med folk var ifølgje henne sjølv noko som berre skjedde naturleg, då ho tidlegare har teke imot hestar med behov for omplassering.

Folk som engasjerte seg i saka har teke kontakt med henne, og etter kvart blei dette så mange at ho sette det i system og fungerte som eit samlande punkt. Arbeidet har føregått i ei Facebook-gruppe.

– Eg har hatt lange samtalar med alle som er på lista, så dette er seriøse folk som er innforstått med at ein treng midlar og kapasitet til å gi ein ny hest alt det den treng. Det er ikkje fjortisar som har drøymar om å få seg hest. Det er vaksne folk som kan hest, og har andre hestar til selskap for omplasseringshestane, seier ho.

Ho meiner derfor at dei frivillige ikkje skal måtta kjøpa hestane frå gardbrukaren.

Vil leggja inn klage

Advokaten til paret frå Sirdal, Målfrid Ølberg, bekreftar at dei vil klaga på forbodet.

Hos Mattilsynet har Odd Ivar Berget, regionssjef for Sør-Rogaland, sagt at det sit langt inne å utsetja fristen for avviklinga av dyrehald, men dette kan likevel skje. I så fall blir fristen utsett til klaga er behandla. Dersom dei framleis går inn for forbod er paret sin siste moglegheit å ta det til retten.

Rosland håper at forbodet blir ståande slik det er, og at dei får ta over hestane som der er forsvarleg å flytta på, sjølv om ho fryktar at det kan enda med slakt.

– Det ville i så fall vore veldig synd, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland