Hopp til innhold

Havanna var så avmagra at ho fekk dødsdom

Therese Helvig frå Eigerøy berga hesten Havanna frå den visse død. Nå håper både ho, og fleire andre, at den pågåande heste-saka frå Sirdal skal få politisk etterspel.

Therese Helvig og Havanna

AVLIVINGSVEDTAK: Mattilsynet gjorde avlivingstiltak på denne hesten då dei kom over den under kontroll på ein hestefarm i Sirdal i sommar. Då kunne ein sjå ribbein og knoklar på ryggen, nå blir den feitare for kvar dag som går.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Då ho kom var ho eit skjelett med skinn på. Eg plar ikkje leggja meg opp i så mykje, men då eg såg dette kjende eg at eg ikkje klarte å halda att, seier Therese Helvig frå Eigerøy, som tek vare på Havanna.

Det var i august Mattilsynet fann fleire avmagra hestar på ein gard i Sirdal, ein gard dei har hatt i søkelyset i 13 år. Det var Havanna det stod dårlegast til med, og det blei gjort vedtak om avliving.

– Vurderinga vår var at dyreeigar ikkje ville evna å gi denne hesten nok fôr, seier regionssjef for Mattilsynet i Sør Rogaland, Odd Ivar Berget.

Før:

Havanna då den fekk avlivingsvedtak

Slik såg Havanna ut då Therese Helvig reiste til Sirdal for å henta henne.

Foto: PRIVAT

Etter:

Therese Helvig frå Eigerøy berga hesten «Havanna» frå den visse død. Nå håper både ho, og fleire andre, at den pågåande heste-saka frå Sirdal skal få politisk etterspel.

I videoen kan du sjå kor mykje feitare Havanna har blitt den korte tida ho har vore på garden på Eigerøy i Eigersund. (FOTO: MATHIAS OPPEDAL)

Henta hesten

Då det viste seg at dei som dreiv garden ikkje var eigarar av hesten, men berre hadde den i pensjon, kontakta personar i det lokale hestemiljøet Therese Helvig, og spurde om ho kunne ta den.

– Me køyrde opp til Sirdal med hestehengar og henta hesten. Etterpå sende eg ei melding til dei som eig garden og fortalde at eg hadde teke den, seier ho.

Nå har Havanna fått opp appetitten.

– Ribbeina er litt meir gøymde nå, også byrjar ho å få litt mage, seier Helvig, som håper at hesten har mange gode år framføre seg.

Politisk etterspel

Hesteeigaren har fått pålegg om å fôra opp fleire av dei om lag 40 andre inspiserte hestane, og Mattilsynet skal nå vurdera om gardeigarane skal få forbod mot dyrehald.

Jan Erik Søndeland

– Her må me starta eit arbeid i Stortinget, slik at me slepp å få fleire slike saker. Det er uakseptabelt og det er trist, seier Jan Erik Søndeland frå Rogaland Venstre, som har engasjert seg i heste-saka frå Sirdal.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Frå før av har dei i ein periode på over ti år avdekka alvorlege forhold på den same garden, og i Gulating lagmannsrett har mannen blitt frådømde retten til å ha storfe i ein tiårsperiode.

Mattilsynet har fått mykje kritikk for å ikkje ta saka alvorleg nok, men meiner sjølv at overføring av dyreeigarskap mellom ektefellane på garden har gjort jobben deira utfordrande.

Politikar Jan Erik Søndeland frå Rogaland Venstre, har engasjert seg i saka, og meiner at det er regelverket ein må gjera noko med.

– Eg kan ikkje forstå noko anna enn at denne garden skulle vore avvikla for lenge sidan, her har det føregått så mange overgrep over så lang tid at det er heilt uakseptabelt, seier Søndeland.

Han meiner det er synd at eigarskap-bytte stikk kjeppar i hjula for Mattilsynet, og lover at Venstre si stortingsgruppe skal ta problemstillinga opp i Stortinget, noko Helvig er glad for.

NRK har kontakta gardseigarane og blitt vist vidare til advokaten deira. Det har ikkje lukkast NRK å koma i kontakt med advokaten.

Gard på Eigerøy

Hesten er nå plassert på denne garden på Eigerøy.

Foto: Mathias Oppedal / NRK