Hopp til innhold

Hestesak har kosta staten 1,5 million – no er den avslutta

Hesteentusiastar fortvilar over at det ikkje blir anke i ei av dei største dyrevelferdssakene som har vore på Sørvestlandet. Mattilsynet kjenner seg likevel trygge på at hestane er i gode hender.

Ramuna saman med Evy Anita Nordbustad

SKUFFA: Evy Anita Nordbustad blei i november i fjor beden om å ta vare på Ramuna, ein av fleire hestar som hadde fått dårleg stell i Sirdal. Hesten har gått frå å vera radmager til å bli ein sterk og fin hest. Nå må ho levera hesten frå seg igjen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Fem hestar hadde fått så dårleg stell at dei måtte avlivast då Mattilsynet i november i fjor henta ut 40 hestar frå ein gard i Sirdal. Det stod heller ikkje godt til med resten av flokken.

– Mange av dyra var i dårleg forfatning, det var dårleg hovstell, og til dels underernæring. Dette er nok ein av de største sakene eg kjenner til, som Mattilsynet har vore involvert i, seier Berget, avdelingssjef i Mattilsynet.

Dottera får hestane

Nå er saka avslutta. Hestane som var eigd av ekteparet på garden i Sirdal skal overførast til dottera etter ein dom i Jæren tingrett. Ho får ikkje lov å ha hestane på heimegarden, likevel er fleire hesteentusiastar skuffa over utfallet. Ei av desse er Evy Anita Nordbustad, som har trent opp hesten Ramuna.

– Eg meiner at det ikkje er greitt når dyra blir overført i så nær familie, seier ho.

For Nordbustad blir det ekstra tungt å senda Ramuna frå seg.

– Det var nemleg eg som hadde henne som treåring. Så selde eg henne til ein eigar, som selde henne vidare til garden på Sirdal. Det var fælt å få henne tilbake i så dårleg form, og det har betydd alt for meg å få trena henne opp att, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..

.

.

Trur hestane er i gode hender

Tidlegare har hestar på Sirdal-garden blitt overført mellom ektefellane på garden. Noko som har sett kjeppar i hjula for saksgangen. Mattilsynet var sjølv imot nok ei overføring innanfor familien, og forstår at det er frykt for «proforma-overføring». Likevel seier han at dei kjenner seg trygge på at helsa til hestane blir teken godt vare på.

– Dottera har lagt fram ein god plan for hestane og me har full tilgang til å føra tilsyn undervegs, seier Berget.

Han legg ikkje skjul på at det finst andre gode grunnar til å ikkje ta saka vidare.

– Me har også vurdert at det blir for dyrt med vidare oppstalling av hestane. Så langt reknar me med at me har brukt 1,5 millionar kroner på å ha 27 hestar stalla opp i fleire månadar, seier han.

NRK har gjort fleire forsøk på å få tak i dottera på garden og advokaten hennar, men utan hell.