Lauren Sluyter Olsen
Foto: Privat– Ein ven av meg publiserte dei første bileta på Facebook av hestane på garden i Sirdal. Eg reagerte med sjokk og avsky, seier Lauren Sluyter Olsen.
Interessa og engasjementet for dei vanstelte hestane på ein gard i Sirdal spreier seg. Hestevener over heile landet, tilbyr seg nå å adoptere minst fem av dei over 40 hestane på garden. Ei av desse hestevenene er Sluyter Olsen, som opphavleg er frå USA, men som nå bur i Stavern i Vestfold.
Facebook-gruppe
Sluyter Olsen seier at ho har hestevener i Aust-Agder, Oslo, Valdres, Nord-Norge og Sverige, som ho samarbeider med. På Facebook-sida «Venner av Sirdalshestane», ber dei nå andre, som kan ha plass til ein eller fleire hestar, om å stille opp.
– Det er det som er føremålet med vår gruppe, få merksemd om det som skjer og sørge for nye heimar for hestane, seier Sluyter Olsen.
Ingen avgjerd
Mattilsynet i Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord har foreløpig ikkje tatt noko avgjerd om kva som skal skje vidare på gardsbruket i Sirdal – om eigarane kjem til å kunne fortsetje å ha hestar og andre husdyr. Derfor er det heller ikkje aktuelt å ta stilling til å kva som kan skje i framtida med hestane, seier avdelingssjef Odd Ivar Berget.
Lauren Sluyter Olsen er klar på kva ho meiner, og kvifor ho har engasjert seg i denne saka, fleire hundre kilometer vekke frå Stavern:
– Fordi eg elskar dyr, og eg meiner dei fortener omsorg og respekt som vi alle treng. Dei er levande og pustande vesen, og dei fortener ikkje slikt stell som dette, seier ho.
Advokaten til hesteeigarane i Sirdal, vil ikkje uttale seg om denne saka.
- LES OGSÅ: Meiner hestehets går «på livet laus»