Sola-ordføraren seier dei store oppsetningane har drege publikum frå heile Rogaland og hatt stor reklameverdi for kommunen. Torsdag vart det kjend at produksjonsselskapet bak musikalen Jesus Christ Superstar går til skifteretten over nyttår.
Skodespelarar og musikarar har 2,3 millionar kroner til gode i løn. Den planlagte turneen er også avlyst.
Årsaka til problema er at det vart seld fire tusen færre billettar enn budsjettert, og at ensemblet vart større enn planlagt, seier produsent Rune Sørsdal.