Få elevar gjer at Soma skole i Sandnes står i fare for å bli lagt ned. I 2013 hadde Soma 76 elevar, nå er dei nede i 60 – sjølv om dei har plass til mange fleire.
Neste år blir truleg talet 50. Ein negativ trend foreldra vil snu ved å droppa leksene.
– Skulen er kjempebra i seg sjølv og kanskje me kan trigga andre i nærområdet til å velja Soma. Eg er sikker på at det er mange foreldre som ønsker leksefri skule, seier Fau-leiar på Soma, Jorunn Kvalbein.
Det er Kvalbein som har tatt initiativ til forslaget. Resten av Foreldra sitt arbeidsutval ved skulen stiller seg bak. Mor Maria Årsvoll er blant dei som blei overbevist om at leksefritt er tingen.
– Eg var kanskje litt negativ med ein gong, men så fekk eg tenkt meg om og kom fram til at det er veldig viktig at alle elevar har same moglegheiter til å læra. Me ønsker å behalda skulen, og eg trur dette kan vera reklame for Soma.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Elevane delte i synet på lesefri skule
I tillegg til å ha det som lokkemiddel, meiner Fau-leiar Kvalbein at ein leksefri skule vil letta kvardagen for mange.
– Det er veldig forskjellige foreldre rundt om i heimane. Mange kan ikkje løysa ein brøk i dag, og det er nokre som ikkje har norsktalande foreldre som kan hjelpa. Leksefri skule gagnar alle, meiner ho.
Men elevane sjølv er delte i synet på ein leksefri skule.
– Det hadde vore greitt, men det hadde også vore noko som mangla. Eg føler eg blir betre av å gjera lekser, seier ein av elevane.
– Ein leksefri skule hadde vore greitt. Då hadde eg ikkje hatt noko stress når eg kom heim, seier ein annan.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Rektor open for leksefri
Rektor ved Soma skole, Geir Mikalsen, seier det vil krevja store omleggingar i undervisninga å gjennomføra ein leksefri skule.
Samstundes er han open for å vurdera det – for å redda skulen frå nedlegging.
– Me er uroa for at skulen smuldrar vekk dersom elevtalet blir for lågt. Dersom me kan gjera tiltak som fører til at fleire elevar søker seg til Soma er det veldig positivt for skulen, seier rektoren, som understrekar at det ikkje er planar om leksefri skule på det nåverande tidspunkt.
Det er kvar einskild skule som sjølv bestemmer korleis undervisninga blir lagt opp. I dag er det svært få som har eit leksefritt tilbod.