Hopp til innhold

– Kvar dag ber folk om å få norske taxisjåførar

...og på kundesenteret til Rogaland Taxi har dei forståing for at folk vil ha nordmenn, framfor utlendingar, til å køyra dei.

Taxi

'Ein taxi til Sola, med norsk sjåfør takk.' Særleg eldre vil ha norske sjåførar.

– Språkbarrieren med å ha ein utanlandsk sjåfør, er den vanlegaste grunnen til at nordmenn vil ha norske sjåførar. Det fortel Marianne Skaar, som kvar dag mottek ønskjer frå nordmenn om å få ein norsk sjåfør, på kundesenteret til Rogaland Taxi.

Ho seier at ønske om å få ein norsk sjåfør for mange rett og slett berre handlar om å ha nokon å snakka med på turen. Og for mange eldre kan det vera vanskelig å kommunisera om ikkje norskkunnskapane til sjåføren er på topp, legg ho til.

På taxisentralen kan dei likevel ikkje imøtekoma ønskje til kundane:

– Me på kundesenteret kan ikkje velja sjåfør, seier Skaar.

Ser ikkje problemet

Abdulqadir Mohammed kjem frå Somalia, han seier at bakgrunnen hans aldri har skapt problem for han, eller for kundane.

– Eg har aldri hatt språkproblem med kundane og eg møter svært sjeldan på kundar med rasistiske haldninga, seier taxisjåføren som nå har køyrt taxi i Stavanger i fleire år.

Mohammed opplever oftare at kundane er nysgjerrige, og at dei har hyggelige samtalar om heimlandet hans, og korleis han har det i Norge.

– Ikkje alle snakkar like bra

Det heiter i opptakskrava at sjåførane skal kunna norsk, men Skaar kan fortelja at ikkje alle snakkar like bra. Noko som særleg kan bli eit problem for eldre seier ho.

– Dei kan bli usikre når sjåføren ikkje snakkar godt nok norsk. Det kan vera vanskelig nok å forstå ulike dialektar, og viss ein snakkar gebrokkent norsk, eller lite norsk, så har ein ein språkbarriere med ein gong.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.