Professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo, Lars Veiseth, skulle saman med Helsetilsynet finna ut korleis fjorårets utbrot av legionærsjuka påverka befolkninga.
Han ville finna ut kor mange som vart redde og som gjekk til lege.
No er prosjektet skrinlagt på grunn av lita interesse.
Men ved studiet for samfunnstryggleik på Høgskulen i Stavanger er det interesse for å sjå nærare på legionærsjuka og frykta sjukdommen har spreidd i distriktet.
Førsteamanuensis Ove Njå trur både helsesstyresmaktene, universitetsfondet og forskningsrådet kunne vore aktuelle bidragsytarar i eit slikt forskningsprosjekt.