Hopp til innhold

Vil halda lenger på barnevernsbarn

– Ettervern for barnevernsbarn er ei investering, seier Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Linda Hofstad Helleland

Regjeringa vurderer å gjera endringar i ordninga som i dag opnar for at ungdommar som har vore i barnevernssystemet kan ha rett på tiltak etter dei har fylt 18 år.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Det er heilt uvurderleg å få hjelp frå vaksne personar, sjølv om du nesten er vaksen sjølv, seier Camilla Hauger (19).

Ho var i barnevernet si omsorg til ho var 18 år, men valde å ikkje kutta kontakten heilt sjølv om ho blei myndig. Ho takka ja til å bli med i programmet Ungbo, som skal sørgja for at barnevernsbarn betre skal meistra overgangen til vaksenlivet etter dei har blitt 18 år.

– Dei hjelper oss med mange ting. Finna jobb og studera. Og dei er der om du berre treng nokon å snakka med. Dei har på ein måte den rolla som kanskje foreldre eller familie skal ha for deg, fortel ho.

Camilla Hauger

Camilla Hauger (19) er klar til å reisa til Oslo for å studera juss. Ho trur ikkje livet hennar hadde vore like bra, hadde det ikkje vore for hjelpa ho har fått frå Stavanger kommune, også etter ho blei 18 år.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Svært få takkar ja til ettervern

I dag møtte ho Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H), som var på besøk i Stavanger for å læra meir om programmet Camilla er ein del av.

– Eg er imponert over det Stavanger får til. Me har mykje å læra nå når me skal gå i gang med å vurdera endring i ettervernsordninga, seier Hofstad Helleland.

Noko av det viktigaste dei gjer, er ifølgje ministeren, at dei klarer å få ungdommane til å takka ja til tilbodet om ettervern.

For i dag er det ei utfordring at svært få seier ja. Mens 28,4 av 1000 barn var i hjelpetiltak frå barnevernet når dei var 18 år i 2006, falt talet til 17,9 per 1000 av 19 åringar.

I Stavanger mottar 90 unge vaksne tilbod gjennom Ungbo. Primært er dei mellom 18 til 20 år, men tendensen dei seinare åra har vore at stadig fleire vel å forlenga.

– Me hjelper dei med ein plass å bu, så er me opptekne av at dei har eit bra dagtilbod, som vidaregåande, eller jobb eller tilrettelagt skule. Til slutt er me opptekne av psykisk helse, seier Torgeir Fiskum som er leiar for Ungbo.

– Ei investering

Hofstad Helleland har tidlegare gitt uttrykk for at ho vil heva grensa for tilbod om ettervern frå 23 til 25 år. Men om det skal ha noko for seg, så må også tidlegare barnevernsbarn nytta seg av tilbodet.

– Stavanger er opne på at eit bra tilbod kostar mykje pengar, kva tenker du om det?

– Regjeringa vil sjå på om innsatsen me legg ned i desse ungdommane fører til at fleire klarer å bu aleine og få seg jobb. Det er ei investering. For rekninga kan bli mykje høgare om ein ikkje får dei i arbeid, og dei hamnar i Nav-statistikken.

Camilla Hauger skal nå flytta til Oslo for å studera juss. Ho er svært takksam for det Ungbo har gjort for henne.

– Det hadde sikkert gått OK med meg utan Ungbo, men ikkje så bra som det har gjort. Eg hadde nok slite meir enn eg gjer i dag, avsluttar ho.