Hopp til innhold

Vil ha Tyldum sin Viking-serie til Avaldsnes

Nyheita om at det skal lagast TV-serieseirie om Karmøy-vikingen «Den svarte viking», har vekka eit håp om at delar av innspelinga kanskje kan skje der. Men skal det skje må politikarane ta grep, ifølgje NHO.

Marit Synnøve Vea

ØNSKER FILMTEAM VELKOMMEN: Marit Synnøve Vea er leiar for Avaldsnesprosjektet som jobbar med å finna ut meir om det gamle kongesete Avaldsnes. Det var her «Den svarte vikingen» blei fødd.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Eg håper dei kjem her, og at dei vil filma på Viking-garden, seier Marit Synnøve Vea, som er leiar i Avaldsnesprosjektet.

I dag fekk dei nyheita om at stjerneregissøren Morten Tyldum skal laga TV-serie basert på sagaen «Den svarte vikingen», ein viking som blei fødd på Avaldsnes på Karmøy, der dei nyleg har hatt besøk av filmteamet som laga den norske komiserien Vikingane.

Å få besøk av denne serien vil nok likevel vera meir lukrativt. Det er nemleg snakk om at kvar sesong skal kosta mellom 600 og 800 millionar kroner. Derfor er det mange som ønsker å kjempa for at serien skal koma til Noreg.

– Eg vil gjerne at Morten Tyldum kjem hit, og eg vil gjera det eg kan for å hjelpa han, seier leiar for Norsk Filmkommisjon, Truls Kontny.

Kritiserer norsk ordning

Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H)

Kulturminister Linda Hofstad Helleland seier at ho er open for å endra på insentivordninga.

Foto: Petter Sommer / NRK

Sjølv har Tyldum sagt at innspelinga lite truleg blir lagt til Noreg, på grunn av dei økonomiske ordningane for utanlandske produsentar som ønsker å laga film her. Den såkalla insentivordninga som kom i 2016.

Problemet med ordninga, meiner Kontny, er at den har eit tak, at den ikkje er automatisk og at den har søknadsfristar.

– Slik den norske ordninga nå er må produsenten i etterkant søka om å få att 25 prosent av pengane som er brukt, medan dette i land som Island og Irland er ein automatisk rett produksjonselskapa har, seier han.

Også NHO Reiseliv meiner at Noreg bør gjera seg meir attraktive for internasjonale produksjonar, og at dette er ein stor moglegheit.

– Film- og TV-serieprodusentar er naturleg nok avhengige av føreseielegheit om dei skal investera sine millionar i Noreg. Derfor er det viktig at ordninga blir utvida i statsbudsjettet slik at me kan lokka nye og fleire storproduksjonar til oss, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

– Vil evaluera ordninga

Kulturminister Linda Hofstad Helleland seier at ho tek kritikken av ordninga på alvor.

– Eg har sagt at me må evaluera ordninga, og eg ser ikkje vekk frå at me må styrka den. Fram til nå har det vist seg at ordninga er populær, og eg er open for å gjera den endå betre, seier Hofstad Helleland til NRK.

Marit Synnøve Vea trur at dersom dei berre i serien bruker namnet Avaldsnes så vil det ha ein svært god marknadsverdi for dei, med fleire besøkande.

Om dei filmar ein annan plass, og seier at det er Avaldsnes, så er det gode greier det også, men eg håper i alle fall at innspelinga blir i Noreg seier Vea.