Hopp til innhold

– Blir eg sendt attende, er livet mitt slutt

I Iran var han muslim, men i Noreg fann han Jesus. I sommar fekk han nok eit avslag på asylsøknaden, no fryktar han for kva som kan skje dersom han blir sendt attende til Iran.

Konvertitt fra Sandnes

Han har konvertert til kristendomen i Noreg, men får ikkje opphald. No kan han bli sendt attende til Iran.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Etter at eg vart døypt føltes det som om eg vart fødd på ny. Det vart eit heilt nytt liv for meg. No kan eg ikkje leva utan Jesus.

For fire år sidan kom han til Noreg som asylsøkar. Då var han muslim, men i Noreg fann han ei ny tru.

– Eg hadde høyrt om kristen tru også Iran. Og det var mykje ved religionen som gjorde meg nysgjerrig . Kvifor Jesus kom til verda, kvifor han døydde, og kvifor folk trudde på han. Det var ting som eg var interessert i å finne ut av, og her møtte eg folk som kunne fortelje meg om det, fortel han.

Iransk konvertitt
Foto: Anders Fehn / NRK

Gjennom trua har han fått eit nettverk, og ein leiarposisjon i eit lokalt trusamfunn. Han er åpen om si tru og er svært aktiv i det kristne miljøet, det hadde ikkje vore mogleg i Iran, fortel han. Der er det nemleg forbode å konvertere frå Islam til Kristendom.

Fryktar heimkomsten

Han har fått avslag på asylsøknaden, og har anka to gonger. I ankene har han argumentert for at det vil vera farleg for han å returnere til Iran som kristen, både fordi han tidlegare var muslim og fordi han i Noreg har vore åpent kristen, med leiarverv i eit trusamfunn.

Men i sommar fekk han nok eit avslag. I avslaget står det at det ikkje vil vera farleg for han å reise attende, så lenge han tilpasser seg dei sosiokulturelle normene i Iran.

Men for han er det utenkeleg å ikkje kunne vera like åpen om si tru i Iran.

– Viss eg ikkje kan få snakke om Jesus, viss eg må lyge om at eg trur på Jesus, då vil det føles som om livet mitt er slutt.

Han kan bli sendt ut av landet når som helst, og han er klar på kva han trur konsekvensane blir for han.

– Eg veit at om eg blir sendt attende, så ventar sjølvsagt fengselet på meg.

Vil ha pause i utsendingane

Organisasjonen Rettferdighet i Asylpolitikken (RiA) har engasjert seg i saka, dei fryktar for kva som kan skje om han blir sendt attende no.

– Han kan bli torturert, fengsla, og utsatt for mange sanksjon

Terje Høyland

Terje Høyland er leiar i Rettferdighet i Asylpolitikken.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

ar, seier leiar i Rettferdighet i asylpolitikken, Terje Høyland.

Praksisen med å sende iranske konvertittar attende til Iran er omstridt. No skal eit uavhengig utval, på oppdrag frå Regjeringa, sjå på praktiseringa og granske om den strir med FNs høykommissær for flyktningar sine retningsliner og EU sitt statusdirektiv.

Konklusjonen skal etter planen vera klar 31. desember i år.

– Me ber om at desse konvertittsakene blir stilt i bero fram til konklusjonen er klar, seier Høyland.

Og han får også støtte frå KrF i at ein no må ha ein pause i utsendingar av iranske konvertittar.

Olaug Bollestad

Olaug Bollestad, stortingsrepresentant for KrF.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

– Der det er så tydeleg at det kun er religion som held igjen, der meiner eg at me burde ha tenkt oss om både to og tre gonger før med sende nokon ut. For dette handler djupt om menneske sine liv, og at om folk faktisk er villige til å dø for sin religion, seier stortingsrepresentant i KrF, Olaug Bollestad.

Førebels inga endring

Justis- og beredskapsdepartementet skriv i ein e-post til NRK at dei "følgjer opp punktet i samarbeidsavtalen om at praktiseringa av beskyttelse basert på religion eller tilhørighet til sosial gruppe (seksuell legning) utredes. Inntil noko anna er bestemt gjeld dagens regelverk".

Departementet skriv vidare at dei ikkje vil gi ytterlegare kommentarar til saka.