- I forhandlingane fram til 4. april blei det ikkje flytta mykje på kommaa i tariffavtalen. Innsynsretten, altså retten til å innsyn i arbeidsavtalane til andre enn direkte tilsette i bedrifta, blei ikkje reelt styrka, seier Nordbø. Han seier at det blei gitt eit lite tilleg på minsteløna men at det hadde blitt gitt i alle tilfelle, streik eller ikkje.
Vil ha betre innsyn og høgare minsteløn
Nordbø seier at innsynsretten og minsteløna er svært viktig for å kunna kjempa i mot sosial dumping.
Fellesforbundet vil at tillitsvalde skal få reell innsynsrett i arbeidsvilkår som blir nytta av underentrepenørar og utleigeverksemder, og at minsteløna skal hevast.
- Slik blir det vanskelegare for arbeidsgivarane å utnytta billeg utanlandsk arbeidskraft, meiner Nordbø.
- Må gje polakkane skikkeleg løn
Han seier at byggebransjen er i ein blømeperiode, og at det ikkje er arbeidskraft lokalt til å dekka den aukande etterspurnaden.
- Fleire og fleire leiger inn utanlandsk arbeidskraft, seier Nordbø. Me har til dømes mange Polakkar som me prøver å ta vare på. Desse må få løn som det går an å leva av, seier Nordbø.
Nordbø seier at byggebransjen etterkvart har fått eit frynsete rykte, noko han meiner arbeidsgivarane må ta på seg mykje av skulda for.
- Dei er villige til å auka innsynsretten og heva minsteløna heilt til dei sit ved forhandlingsbordet, seier Nordbø.
Kan bli ny streik 2.mai
I morgon er det uravstemming på tariffavtalen som blei forhandla fram etter streiken den 4. april. Fellesforbundet er altså ikkje nøgde med resultatet av desse forhandlingane, og oppfordrar medlemmane til å stemme i mot.
Dersom meir enn 50% seier nei til den nye tariffavtalen, går det mot ny streik den 2.mai. I tilfellet kan 2200 byggearbeidarar i Rogaland bli tatt ut.