Hopp til innhold

Vil ha lågare skatt på eksisterande oljefelt

Oljenæringa ber om lågare skatt for å utnytte modne oljefelt. I dag vil ikkje oljeselskapa investere i desse felta fordi det ikkje lønnar seg.

OLJE OSEBERGFELTET

Oljenæringa trur lågare skatt på utvinning av gamle oljefelt både kan gi auka investeringar og fleire arbeidsplassar.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

I dag møtte næringsministeren oljenæringa i Stavanger for å diskutere korleis utfordringane i oljenæringa kan handterast. Og olje- og gassnæringa gav ho klare råd om kva som kan gi effekt.

Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Direktør i Norsk olje og gass, Karl Erik Schjøtt Pedersen, var klar på at skattane må ned for å få fleire til å investera i gamle oljefelt.

Foto: NRK

– Det aller viktigaste for oljesektoren no er tilgang til nye areal. I tillegg må me sjå på korleis me kan auke utvinninga i allereie eksisterande felt, seier direktør i Norsk olje og gass, Karl Erik Schjøtt Pedersen.

– Eit potensial på 300 milliardar

Han meiner det ligg eit stort potensiale i dei eksisterande oljefelta.

– Dersom me greier å auke utvinninga med ein einaste prosent så vil det kunne føre til auka verdiskapning på over 300 milliardar kroner. Så me er veldig opptekne av at regjeringa må legg til rette slik at me kan få endå meir olje ut av felta, seier Schjøtt Pedersen.

Betaler 78 prosent skatt

I dag vågar ikkje oljeselskapa å satse på å vinne ut meir frå gamle felt fordi kostnadane blir for store. I dag betaler selskapa 78 prosent skatt på desse felta.

– Ein rapport viser at med kan få til investeringar på over 150 milliardar viss me legg til rette slik at ein kan få auka utvinninga i dei allereie eksisterande felta, seier Schjøtt Pedersen.

Han har trua på at regjeringa også vil sjå potensialet.

– Regjeringa har tidlegare varsla at ein vil sjå på om ein kan bruke spesielle skattetiltak for å få auka utvinning i eksisterande felt, og det ventar me på i spenning, seier Schjøtt Pedersen.

Vil sjå nærmare på det

– Eg registrerer at dei har gjort ei undersøking på dette og det må me sjølvsagt sjå nærmare på, seier næringsminister Monica Mæland.

Nærbilde av næringsminister Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland vil ta med seg innspela om lågare skattar tilbake til Oslo.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Om lågare skattar på eksisterande felt blir eit tiltak som regjeringa sett i verk, er ikkje avklart.

Eg har merka meg ønsket om lågare skattar. Det innspelet tek me med oss inn, seier næringsminister Monica Mæland.