Hopp til innhold

Vil ha fleire ladestasjonar på E39

Dersom energiselskapa får det som dei vil kan ein snart køyra Bergen – Stavanger – Kristiansand – Oslo med elbil.

Snart kan du køyra el-bil heilt frå Bergen til Kristiansand.
I dag blir det fort stopp viss du køyrer bil som går på straum. Dalane Energi inviterer nå til eit spleiselag for å få fleire ladestasjonar på E-39.

Mads Yngvar Fuglestad har hybridbil, men kunne gjerne hatt ein rein elbil om det var fleire ladestasjonar.

Ein kan koma seg frå Bergen til Stavanger med elbil, men vidare til Kristiansand er det verre. Det finst nemleg ikkje ein einaste ladestasjon for elbil på hovudvegen frå Stavanger til Sørlandet.

– Du kjem til kort om du vil på laurdags til Kristiansand, seier hybridsjåfør Mads Yngvar Fuglestad frå Rogaland.

Dalane Energi, og marknadsansvarleg Petter Seglem, er ein av dei som vil gjera noko med dette. Han har planen klar på kor ladestasjonane bør ligga i Rogaland.

Vil ha tre ladestasjonar i Dalane

Viss han får det som han vil kjem det ladestasjonar på Moi, Vikeså og Helleland.

I Vest-Agder vil det i løpet av hausten bli bygd ladestasjonar i Flekkefjord og Mandal. I tillegg søker ein nå om å få ladestasjon i Lyngdal.

– Det vil sei at ein kan køyra frå Bergen til Stavanger og vidare til Kristiansand og Oslo med elbil, seier Seglem.

Positive kommunar er heilt avgjerande dersom lade-prosjektet skal bli realisert slik som i Flekkefjord og Mandal. For skal det bli andre alternativ enn bensintanking, må energiselskapet få til eit spleiselag.

Får ikkje støtte frå fylkeskommunen

– Det er ikkje den store økonomien i det for våre del, derfor trur me eit spleiselag er ein fin måte å gjera det på.

Ordførar i Bjerkreim, Marthon Skåland, er svært positiv.

– Tilbodet må vera der for dei som vil ha elektrisk bil. Dersom dei ikkje har ein stad å lada bilen opp, kan dei ikkje køyra elbil, seier Skårland.

Ifølgje Grønnbil.no har Rogaland 1.111 elbilar per juni 2013. Rogaland er det fylket med tredje flest elbilar i Norge.

Fylkeskommunen gav i kveld eit einstemmig nei til å løyva 300.000 kroner, som energiselskapet har søkt om i støtte til dei tre hutigladestasjonane i Rogaland.

– Me ser ikkje på det som fylkeskommunen si oppgåve å finansiera dette, seier Tom Tvedt, som er gruppeleiar i Rogaland Ap, til NRK.no.

Bli med på ein del av vegstrekket

NRK hadde kamera på bilen då me køyrde frå Ålgård til Vikeså. Bli med på bilturen her.

SJÅ VIDEO: Ein flott veg utan ladestasjonar. Her kan du bli med på strekket mellom Ålgård og Vikeså på E39. PS: Bilen som køyrer går på diesel.