Erik Johansen frå Kinsedal i Luster er ein av fleire tusen straumkundar som ikkje har fått straumen tilbake etter «Amy» sine herjingar i helga.
Johansen bur i vestlandskommunen store delar av året, og brukar mellom anna å vere der på jakt på hausten.
Men dei siste 48 timane har straumen vore borte.
– Ja, vi er fire, fem bustadar her inne som framleis ikkje har straum. Vi har bra med stearinlys og lykter, så det går på eit vis.
Han er likevel litt stressa for fryseskapet.
– Eg har ikkje våga å opne det enno, så eg får vente til straumen kjem igjen. Men det kan vel hende eg må på butikken snart.
Fleire utan straum
Måndag føremiddag er det framleis mange kundar som ikkje har fått straumen tilbake.
- Det er 1044 kundar utan straum i Trøndelag. Nettleverandøren Tensio seier dei satsar på at dei fleste skal få straumen tilbake i løpet av dagen.
Glitre Nett jobbar med å få rydda straumlinjer på Sørlandet. Klokka 11.30 måndag er 962 husstandar utan straum.
- 2000 Lede-kundar i Vestfold og Telemark er utan straum.
- I Møre og Romsdal er mellom 50 og 60 kundar stadfesta straumlause.
- I Vestland er rundt 200 straumkundar råka.
- I Rogaland er 50 kundar utan straum i Rogaland
Dette talet vil truleg justere seg ned utover måndagen.
Montørar frå BKK fiksar straumlinjer etter at «Amy» har herja.
Foto: Nina Kausland / NRK– Kjentest uverkeleg
På Landsnes i Suldal gjekk straumen klokka 11 fredag kveld og kom tilbake søndag føremiddag klokka 11, då nabolaget fekk utplassert eit aggregat.
– Vi hadde heldigvis ein omn vi kunne fyre i. Det var kjempekaldt i huset utanom stova, seier Kjell Landsnes.
– Vi hadde stearinlys og hovudlykt. Det kjentest uverkeleg å gå rundt, seier Fjellvang.
Svært mange tre har velta i området.
– Vinden tar spesielt hardt her ute, men dette er det mest ekstreme eg har opplevd av vind dei 40 åra eg har budd her, seier Landsnes.
Kjell Landsnes og Marit Fjellvang var utan straum i rundt 36 timar.
Foto: Magnus Stokka / NRKEnergimontør Ole Andreas Stenberg i Fagne jobbar med opprydding på Landsnes. Han har aldri opplevd liknande som etter «Amy»
– Dette er rotvelter i eit omfang vi ikkje har sett før.
Det er framleis folk utan straum i området.
Utan mobildekning
Natt til laurdag miste Anne Kristoffersen frå Berle i Bremanger mobildekninga. Enno ventar ho og dei rundt 80 andre innbyggarane på å få dekninga tilbake.
Sjølv har Kristoffersen tilgang wifi heime, det gjeld ikkje alle i bygda.
– Det kjennest utrygt for ei heil bygd. Det er mange eldre folk som ikkje har høve til å kople seg opp, som eg har gjort no. Det er frustrerande. Du kontaktar Telenor, og får ikkje noko svar.
Anne Kristoffersen miste mobildekninga frå Telenor natt til laurdag.
Foto: Nils Ole Refvik / NRKNår Kristoffersen rører seg vekk frå huset, er ho utan dekning.
– Når vi er inne i huset for vår del, så kan vi kople oss til nettet. Men med ein gong du går ut så har vi jo ikkje dekning. Det kjennest utrygt når du er ute og køyrer. Vi har ein satellittelefon i bygda som kommunen har skaffa, det er jo tryggleiken vår da.
Totalt har Telenor rundt 8800 basestasjonar fordelt i ulike delar av landet. På det meste vart 600 slått ut etter at «Amy» kom for fullt.
– No er vi i alle fall under 200, og vi skal jobbe på for å kvar einaste stasjon opp igjen, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen til NRK.
Anne Kristoffersen har wifi heime, men ikkje når ho er ute av huset. Bygda Berle er utan mobildekning på tredje dagen.
Foto: Privat– Verre enn «Dagmar»
Han viser til at Telenor dei siste åra har gjennomført fleire tiltak for å gjere mobilnettet meir robust.
Mellom anna er meir enn 2.500 basestasjonar no sikra med batteri- eller aggregatbackup ved straumbrot.
Problemet er at mange basestasjonar framleis blir slått ut når det er straumbrot i eit område.
– Det er veldig få basestasjonar som har straum reservekraftig i tre dagar. No har eg halde på med mobildekning for Telenor i over 30 år. Og dette utfallet, straummessig sett, har vore verre enn Dagmar.
Han viser til at det har vore store utfall på basestasjonar heilt frå Nord-Trøndelag til Lindesnes.
– 90 % av alle utfall er relatert til straum og manglande straum, ifølge Amundsen.
Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor.
Foto: Telenor– Det er umogleg å verne seg for konsekvensar i slike tilfelle som «Amy», seier plassjef i nettselskapet BKK, Arild Fleten, til NRK etter uvêret i helga.
Med opp til 10.000 husstandar utan straum, fekk dei tilsette i BKK Nett ei hektisk helg.
Fleten seier i eit intervju med NRK at det er ei vurdering av kor mykje natur ein skal ta vekk, sett opp mot kor store ryddebelta vere.
– Vi har stort fokus på å rydde belta våre, og vi har rydda skog over hele forsyningsområdet heile tida.
Ønsker betre infrastruktur
1. september lanserte regjeringa planar for korleis den digitale infrastrukturen skal sikrast betre.
Eit av tiltaka er å sørge for at basestasjonar til telefonnettet får større batteri sånn at det verkar lenger ved eit eventuelt straumbrot.
– Det handlar om å gi kommunesenter tre dagar reservestraumkapasitet. At vi har fleire vegar, som gjer at dersom ein veg til blir stengd, eller straumen går ned ein stad, så kan vi få den fram på ein annan måte, seier digitalisering- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap).