Hopp til innhold

Vil forby hundar på delar av gravplassane

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) er overraska over korleis folk oppfører seg på kyrkjegardane. Nå vil han innføra hunde-forbod der gravstøttene er plasserte på gravplassane i Stavanger.

Bruk pose

I dag er det hesteforbod og bandtvang for hundar på Eiganes gravlund. Leif Arne Moi Nilsen (Frp) vil også innføra hundeforbod.

Foto: Erik Waage / NRK

– Eg blir overraska over korleis folk oppfører seg på gravplassane. At folk lar hundar tissa og gjera frå seg på gravene på Eiganes gravlund synst eg er forkasteleg, seier Moi Nilsen.

Den profilerte Frp-politikaren i Stavanger vil nå innføra eit delvis hundeforbod på gravplassane i byen.

– Me må laga eit totalforbod der gravene er, ikkje der turstiane er, meiner Moi Nilsen.

Gir Curo delvis støtte

Leif Arne Moi Nilsen

Leif Arne Moi Nilsen (Frp) vil ha delvis hundeforbod på gravplassane i Stavanger.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Han gir med det delvis støtte til enkemannen Salvatore Curto, som i eit brev til biskopen ber om at det blir forbod mot hundelufting på Eiganes Gravlund.

Dette fordi han meiner sorga hans ikkje blir respektert fordi hundar blir lufta og gjer frå seg på kyrkjegarden.

Etter NRK-reportasjen om saka sa kyrkjeverja i Stavanger onsdag at dei kjem til å skjerpa skiltinga om bandtvang på Eiganes gravlund.

– Eg er veldig glad for at skiltinga blir skjerpa. Men gjerne me skal spissinga skiltinga, seier Moi Nilsen.

Han kjem nå til å ta opp saka politisk i førstkommande møte i Kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger på tysdag.

– Eit forbod er dramatisk

Men leiaren for Kommunalstyret for miljø og utbygging i Stavanger, Per A. Thorbjørnsen (V), meiner det blir å gå for langt å forby hundar på delar av gravplassane i byen.

– Eit forbod er dramatisk. Dette handlar i første omgang om folkeopplysning og å klargjera regelverket, meiner han.

Gravferdsforskrifta i lovverket slår fast at ferdsel og handlingar på gravplass «skal skje på en sømmelig og minst mulig støyende måte, slik at det ikke virker støtende på noen.»

Og at «besøkende skal såvidt mulig ferdes gående. Hunder skal føres i bånd.»